Eksamen vår 2020

 

Generelt om eksamen vår 2020

  • Alle eksamenar våren 2020 vert gjennomført digitalt. Du skal ikkje møta til eksamen på campus da alle NMBU bygningar er stengde. Dette gjeld både for ordinær- og ny eksamen (konte). 
  • I emnerommet i Canvas vil det liggja oppdatert informasjon om tidspunkt, eksamensform, hjelpemiddel m.m. for eksamen våren 2020. 
  • Det kan henda eksamensinformasjonen du vanlegvis finn i Timeplan og på Studentweb ikkje er oppdatert. Bruk Canvas!
  • Ny eksamen (konte): Informasjon om eksamensform, karakterregel og tillatne hjelpemiddel finn ein i studentWeb. Kontakt fakultetet dersom du har spørsmål om konte. Avmeldingsfrist konte er utsett til 4. mai. 

Huskeliste - eksamen våren 2020

Gode tips og ting du må huska på i høve med eksamen våren 2020

Eksamensnerver? Sjå Helsestasjonens tips

Gode tips for å roa eksamensnervane

Support -  spørsmål før, under og etter eksamen

Support tider
I eksamensperioden er support tilgjengeleg mellom kl. 8.00-18.00. Før og etter eksamensperioden vil support være tilgjengeleg mellom kl. 8.00-15.00.

WISEflow eksamen
Viss du har spørsmål relatert til eksamen i det digitale eksamenssystemet WISEflow vennlegast bruk skjema
Nettskjema for supportførespurnad - gjeld førespurnadar som ikkje er relatert til PC og nettverk

Canvas eksamen 
Viss du har spørsmål relatert til heimeeksamen i Canvas vennlegast kontakt emneansvarleg i det aktuelle emnet.

PC og nettverk support
Spørsmål om din PC og/eller nettverk skal rettast til it@nmbu.no /tlf. 67230555

Gjennomføring av digital heimeeksamen

Alle eksamenar våren 2020 vert gjennomførde digitalt. Skriftlege eksamenar vil verta gjennomført som heimeeksamen på eigen PC i Canvas eller i WISEflow. Munnleg eksamen vil verta gjennomført digitalt og du vil få meir informasjon frå fakultetet.

Tilretteleggingsbehov ved eksamen

Studentar med funksjonsnedsetting og studentar med særskilte behov har rett til egna individuell tilrettelegging. Grunna den krevjande korona situasjonen kan dessverre nokre former for tilrettelegging bli vanskeleg å gjennomføra våren 2020.  Les meir om tilrettelegging under eksamen vår 2020.

Hjelpemiddel ved eksamen

Å ta eksamen heime i staden for i ein eksamenssal på Campus gjer eksamenssituasjonen ganske annleis, ikkje minst kan dette gjelda kva for hjelpemiddel du har tilgang til og moglegheitenefor å få hjelp av andre. Sjølv om eksamen er annleis, våren 2020, så gjeld fortsatt dei same reglene for kva som vert rekna som plagiering og fusk og konsekvensane av slike handlingar. Derfor er det viktig at du er bevisst på dette og at du set deg godt inn i kva for hjelpemiddel som er tillatt for din eksamen, og at du unngår å bruka hjelpemiddel som ikkje er tillatne.  Dersom du ikkje har fått opplyst at samarbeid med andre er tillatt, så vil slikt samarbeid reknast som forsøk på fusk. 

Du skal på førehand ha vorte informert om (i emnerommet i Canvas) kva for hjelpemiddel som er tillatt for den eksamen, i tillegg vil dette stå på eksamensopppgåva di. For konteemner vil du finna informasjon i StudentWeb. På denne sida finn du meir informasjon om bruk av hjelpemiddel til heimeksamen, og unngå plagiering eller fusk.

Sjukdom og eksamen

Viss du er sjuk eller det skjer andre særskilte forhold rundt deg som gjer at du ikkje kan ta eksamen, må du søkja om å få registrert gyldig fråvær via eit eiga skjema. Skulle du bli akutt sjuk under eksamen og ikkje klare å gjennomføra må du levera blankt i WISEflow (sjå skildring under) og leverer eigenmelding innan fem (5) arbeidsdagar etter eksamen. Våren 2020 gjeld spesielle reglar for korleis slikt fråvær skal dokumenterast. Les meir om korleis du melder frå om sjukdom og anna gyldig fråvær ved eksamen.

Viss du ønskjer å levera blankt - WISEflow

Viss du ønskjer å levera blankt på ein heimeeksamen i WISEflow, finn du oppskrift  på kva du må gjera på sida om svar på spørsmål om digital heimeeksamen.

Kva for reglar gjeld for sensur og klage vår 2020

Alle emne skal som hovudregel sensurerast på vanleg måte og innanfor dei vanlege sensurfristane. Grunna forhold relatert til koronaviruset kan det i nokre tilfelle dessverre bli noko forseinka sensur. Ei eventuell utviding av sensurfristen skal som hovudregel ikkje overstiga to veker utover ordinær sensurfrist for vedkommande vurdering. Du ser sensurfrist for ditt emne på Studentweb.

Published 23. April 2020 - 9:44 - Updated 16. juli 2020 - 12:02