Varsling av kritikkverdige forhold - for studentar

Er du utsett for eller vorte kjent med noko du oppfattar som kritikkverdige forhold ved NMBU oppmodar vi deg til å seia ifrå. Dersom du varslar, vil saka bli behandla konfidensielt.

Varsling

Trakassering og kritikkverdige forhold

Kritikkverdige forhold kan vera brot på lov, reglar, interne retningsliner og instruksar eller brot på alminneleg oppfatning av kva som er forsvarleg eller etisk akseptabelt. Det kan til dømes vera seksuell trakassering, mobbing, rusmisbruk, tjuveri, økonomisk utruskap og diskriminering. Alle straffbar forhold skal meldast til politiet.

Det er trakassering når ein person blir utsett for uønskte negative handlingar, unnlatingar eller ytringar som verkar eller har til formål å verka krenkjande, skremmande, fiendtlege, nedverdigande eller audmjukande. Dette kan til dømes vera uønskt seksuell merksemd, plaging, utfrysing eller sårande fleiping og erting. Trakassering kan både vera enkelthendingar og  hendingar som skjer fleire gonger. Dersom det er ei enkelthending må ho vera av ei viss alvorsgrad for at det fell inn under omgrepet trakassering. Viss dei negative og krenkjande handlingane derimot skjer systematisk og blir gjentekne over tid, vil det heller dreia seg om mobbing, som er ei form for trakassering.

Studentar ved NMBU skal ikkje oppleve uønskt seksuell merksemd, mobbing eller andre former for trakassering i studiekvardagen sin. 

Viss du opplever dette, er det ofte best om du klarer å seia frå at hendinga er uønskt med det same. Det kan vera vanskeleg å seia frå direkte, så her har du fleire moglegheiter:

  • Gi respons skriftleg på sms, e-post eller liknande og ta vare på det.
  • Fortel det du har opplevd åt ein person du har tillit til så fort som mogleg. Be den du talar med skrive ned det du har fortalt.
  • Skriv ned hendinga sjølv. Noter tid og stad, kva som hende og koss du reagerte. Ta vare på dokumentasjon, for eksempel sms, e-post, Facebook og Snapchat.
  • Søk hjelp og råd hos fastlegen din, SiÅSÅs helsestasjon for ungdom og studentar eller studentpresten (tlf.nr. 990 15 790).
  • Meld saka åt politiet viss du trur at det du har opplevd er straffbart.
  • Søk råd og rettleiing frå studentombodet, Martin Gautestad Jakobsen (kontakt: studentombud@nmbu.no eller tlf. 928 65 818).
  • Ta kontakt med ein NMBU-tilsett du har tillit til, slik at dei kan bringa varselet ditt vidare åt dei som veit koss ei slik sak skal følgjast opp ved NMBU. 
    Det kan vera studievegleiar, programansvarleg eller dekan.
    Studentane sitt informasjonstorg: Iben N. Andersen - iben.andersen@nmbu.no eller 97103845
    Studieavdelinga, sekretær i læringsmiljøutvalget: Bodil Norderval - bodil.norderval@nmbu.no eller 97179673
    Du kan òg ta direkte kontakt med personal- og organisasjonsdirektør Jan Petter Stenberg mobil: 924 25 576, eller seniorrådgivar Personal- og organisasjonsavdelinga Heidi Blom mobil: 974 15 697.

Uavhengig av rolla di bør kritikkverdige forhold varslast snarast råd.

Du som student skal ikkje oppleva negative konsekvensar som følgje av at du varslar.

 

Meir informasjon

Les meir om koss trakassering vert handtert ved NMBU og få råd, vegleiing og kontaktinformasjon for å varsla om trakassering (du må logga deg på via Feide for å få tilgang).

Du kan òg lesa meir på sikresiden.no, kor du får førebyggjande opplæring og råd om kva du skal gjera i akutte situasjonar som vald, truslar, brann, seksuell trakassering, førstehjelp med meir.

Published 8. september 2015 - 15:02 - Updated 2. juli 2020 - 12:27