Sei ifrå om utdanningskvalitet og læringsmiljø

  • Det er viktig med et godt læringsmiljø.
    Foto
    Shutterstock

NMBU skal kjenneteiknast av høg studiekvalitet og godt psykososialt læringsmiljø. For å få til dette kreves det aktive og engasjerte studentar som bidrar med konstruktive tilbakemeldingar på læringsmiljøet.

Sei ifrå om utdanningskvalitet og læringsmiljø

Alle studentar skal gi tilbakemeldingane sine om undervising, emne eller program direkte til undervisar, emneansvarleg, programansvarleg eller fakultet.

Det finst både faste og periodiske evalueringar og undersøkingar du som student kan nytta for å seia ifrå om kva som er bra og kva som bør forbetrast.

Emne, undervising og rettleiing

  • Svar på emneevaluering, både undervegsevaluering og sluttevalueringa.
  • Ta direkte kontakt med undervisar/emneansvarleg/rettleiar og gå i dialog for å finna ei god løysing
  • Kontakt studenttillitsvalde og bruk studentdemokratiet på fakultetet ved behov

Studieprogrammet ditt

  • Alle studieprogram skal ha eit programråd du kan melda inn saker til
  • Nytt studenttillitsvalde og studentrådet ved fakultetet 

  • Delta i den årlege nasjonale spørjeundersøkinga om studiekvalitet – Studiebarometeret

  • Delta i trivselsundersøkingar og andre undersøkingar som NMBU gjennomfører

  • Gjennom årleg behandling og godkjenning av programrapportane på fakultetet, kan studentane gi innspela sine til rapporten

  • Engasjer deg i den periodisk evalueringa av programmet

  • Delta i kandidatundersøkingar etter at du er ferdig kandidat - her får du òg gjeve tilbakemelding på relevansen i programmet ditt

Om trivsel og psykososialt læringsmiljø

Det psykososiale læringsmiljøet er alle psykologiske og sosiale faktorar som påverkar trivselen din, helse og læring på studiestaden, og omfattar alt frå mellommenneskeleg samspel, det sosiale miljøet, likebehandling, mobbing og trakassering

  • Ta opp utfordringar knytt til læringsmiljøet med dei som er nærast til å kunna gjera noko med situasjonen

  • Alle nye studentar blir oppmoda til å svara på undersøkinga etter fadderveka

  • Delta i trivselsundersøkelsar.  
  • Meld frå om kritikkverdige forhold som kan ramma enkeltpersonar ved NMBU eller NMBU som verksemd

Problem knytt til læringsmiljøet bør prøvast blir løyst på lågast mogleg nivå, og hovudregelen er å ta dette opp direkte med den det gjeld - om det er ein medstudent, undervisar, rettleiar eller andre. Dersom dette ikkje fører fram eller er vanskeleg, ta kontakt med studievegleiar, Studentane sitt informasjonstorg, dekan eller studenttillitsvalde.

Helsestasjonen for ungdom og NMBU-studentar i Ås kan bidra med rettleiing og hjelp ved mistrivsel, vanskelege tankar og kjensler eller psykiske vanskar.

Tilbakemelding på gjennomføring av eksamen

  • Korleis opplever du som student eksamenen din. Har du ris eller ros, synspunkt om kva som fungerer bra eller dårleg? Da vil dei som arbeider med planlegging og gjennomføring av eksamen gjerne høyra frå deg. Dei er ikkje til stades i eksamenslokalet og er derfor avhengig av hjelpa til studentane for å få vita om forhold relatert til eksamen. Send e-post til eksamen

Published 9. september 2015 - 10:55 - Updated 2. juli 2020 - 10:46