Første møte i RSA - 4.mars 2016

Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA)
Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA)Foto: NMBU

Rektor Mari Sundli Tveit sin omtale av første møte i RSA.

Rektor Mari Sundli Tveit skriv i bloggen sin

Vi står ovanfor ein formidabel blågrøn omstilling og ein 4. Industrielle revolusjon, med heilt nye moglegheiter og utfordringar. NMBU er nærast skreddarsydd for å ta posisjon og gjera dette blågrøne og digitale skiftet mogleg. Våre ambisjonar er klåre, men sjølv om utgangspunktet er godt vil det krevja mykje av oss.

Anita Krohn Traaseth (Innovasjon Norge), Jens Ulltveit-Moe (Umoe), Geir Ove Ystmark (Sjømat Norge), Arne Krokan (NTNU), Unni Steinsmo (tidl SINTEF), Gaute Lenvik (NHO Mat og Drikke), Lasse Hansen (KS) og studentleiar Pål Adrian Clausen Ryen er vårt nye RSA, og dei var heilt klart klare for å utfordra oss og løfta oss opp og fram. Det vart eit utruleg inspirerande første møte, der vi både fikk ufiltrerte utanfråblikk, høge ambisjonar på våre vegne og konkrete utfordringar og råd.

Eg har ønska eit RSA som kan utfordra oss, tenkja store tankar saman med oss, hjelpa oss å sjå og bryta ned hindringar i måten vi jobbar på, hjelpa oss å opna opp mot samfunnet, ta posisjon og kort fortalt: Bringa oss nærare visjonen.

Og ei sak var rådet klåre på: Hald fana høgt og våg å både tenkja stort og setja høge mål. Forventingane til oss og vårt bidrag i dei omstillingane vi står ovanfor var meget høge. Og dermed er forventingane til vår leverings- og utviklingskraft tilsvarande høge. Og med denne heiagjengen i ryggen har sjansane våre for å lykkast fått ny vind i segla.

Framover skal vi få innspel til arbeidet vårt med blant anna utdanningsportefølja, innovasjon og entreprenørskap, digitalisering, møteplassar og nye arenaer og nye moglegheiter for samarbeid med arbeids- og næringsliv. Eg ønskjer å opna opp for å bli utfordra der RSA ser moglegheiter vi ikkje ser. Er det noko du meiner vi bør få innspel på? Tips oss!

Publisert - Oppdatert

Del på