Mandat

 Mandat for Råd for samarbeid med arbeidslivet
 

  1. RSA skal vera eit rådgivande forum for NMBUs leiing på eit overordna strategisk nivå.
  2. RSA skal utarbeida innspel til NMBUs strategi, som bidrar til realiseringen av NMBUs ambisjonar og mål.
  3. RSA skal gi NMBU innspel til utdanningsprofil, inkludert etter- og vidareutdanning slik at denne møter kompetansebehovet i framtida i samfunn og arbeidsliv.
  4. RSA skal gi NMBU innspel på korleis forsking, innovasjon og entreprenørskap skal koplast mot samfunns- og arbeidsliv, slik at kunnskap utvikla ved NMBU raskt skal komma samfunns- og næringsliv til gode.
  5. RSA skal ha eit overordna nasjonalt og internasjonalt perspektiv knytt opp mot NMBUs samfunnsoppdrag.
  6. RSA skal bidra til samfunnsutvikling ved å vera ein gjensidig, utfordrande og forpliktande dialog-arena, der tverrfaglege og overordna problemstillingar blir diskutert.
  7. RSA skal bidra til å posisjonera NMBU i samfunnet og gi råd om samarbeid med eksterne partnarar.

Oppnevning og samansetning

RSA har følgjande samansetning (faste medlemmer):
- Rektor (møteleiar)
- Studenttingsleiar
- 5-6 eksterne medlemmer frå forvaltning, næringsliv og organisasjonar, som blir inviterte av rektor. Medlemmene blir inviterte for ein periode på to år, med moglegheit for forlenging ytterlegare to år.

Sekretariatet er lagt til prorektor for forsking og innovasjon.

Rektor har fullmakt til å justera møtestruktur og deltakarsamansetning i RSA etter behov, og sørga for at det blir utarbeidd årlege planar for RSA si verksemd.

Prorektorar og administrasjonsdirektør bør delta på møta.

I tillegg til RSA sine medlemmer kan følgjande blir inviterte:
- Dekanar
- Styreleiarar ved fakultetsstyra
- FU-leiarar
- SU-leiarar
- Leiar for SEVU
- Avdelingsdirektørar
- Universitetsstyret
- Ordførar

Møtestruktur

NMBU RSA har normalt to møte i året, eitt møte kvart halvår.

Administrasjon

Forskingsdirektøren er sekretær og har ansvar for det faglege innhaldet i møta. Møtesekretær fører protokoll for kvart møte. Avdeling for Leiing og verksemdsstyring er i samarbeid med forskingsdirektøren ansvarlege for at møta blir gjennomførte som planlagt. Eining for leiarstøtte har ansvaret for den praktiske gjennomføringa og framdrifta. Prorektor for forsking og innovasjon er ansvarleg for at RSA sine innspel blir følgd opp i aktuelle utval og fagområde. Rektor orienterer universitetsstyret årleg om RSA sitt arbeid.

Mandatet vart vedteke i Universitetstyret 5. mars 2015, og justert av rektor oktober 2021.

Published 7. April 2016 - 9:41 - Updated 21. januar 2022 - 16:12