Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA)

Medlemmar av NMBUs Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) er oppnemnt av Universitetsstyret ved NMBU. RSA skal vera eit strategisk rådgivande organ for NMBUs leiing.

Råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA)

NMBUs råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) skal fungera som eit strategisk råd (advisory board) som skal utfordra NMBUs leiing og gi innspel til implementering av NMBUs strategiar.

  1. NMBUs råd for samarbeid med arbeidslivet (RSA) er eit rådgivande forum for NMBUs leiing.
  2. RSA skal behandla forslag til strategi for auka samarbeid mellom universitetet og arbeidslivet. Strategien vert lagt fram for Universitetsstyret. Strategien skal blant anna skissera korleis kontakta med arbeidslivet på utøvande nivå kan organiserast  ved NMBU.
  3. Rådet skal gi NMBU råd og innspel til utdanningsprofil, inkludert etter- og vidareutdanning, og utdanninga si kopling til forsking, innovasjon og entrepenørskap.
  4. Rådet skal ha eit overordna nasjonalt og internasjonalt perspektiv knytta opp mot samfunnsoppdraget åt NMBU.
  5. Rådet skal ha  5-7 medlemmar, derav 1 student. NMBU er representert ved rektor. Det er frå 5-6 eksterne representantar frå forvalting, næringsliv og organisasjonar.

 Antall møter i året vert omlag  1-2

Published 3. mai 2017 - 12:47 - Updated 22. juli 2020 - 10:55