Varsling og avvik

Tilsette og studentar som blir kjente med forhold som kan føra til tap eller skade på NMBU, skal melda frå slik at tiltak for å unngå eller avgrensa skaden kan gjennomførast. Tilsette og studentar ved NMBU har rett til å varsla om kritikkverdige forhold i verksemda jamfør arbeidsmiljølova § 2-4.

Varsling og avvik

Intern varsling skal skje etter gjeldande retningslinjer. I utgangspunktet skal det varslast i linja, dersom det ikkje er spesielle grunnar til at dette ikkje er tilrådeleg. Før ekstern varsling skjer skal forholdet vore prøvd teke opp internt. NMBU har ansvar for å legga til rette for eit godt ytringsklima slik at eventuelle saker kan takast opp før det blir behov for ytterlegare varsling, utan at medarbeidarar skal måtta vera redde for konsekvensane av å ta opp saka til diskusjon. Eit slikt klima inneber at det må givast rom for å gjera feil.

Eigna mekanismar for å verna varslar og den som er skulda er beskrive i NMBUs varslingsrutinar. Den som er varsla har plikt til å følgja opp saka, informera den som varslar om korleis saka blir teken vidare, og om utfall i saka.

Behandling av avvik

Brot på retningslinjene kan ha ulik grad av alvor, og skal sanksjonerast på ulik måte. Enkelte brot er lovbrot og skal behandlast deretter. NMBU har som mål å finna gode løysingar for studentar og tilsette som er involverte i brot på retningslinjene.

Brot på dei etiske retningslinjene skal løysast på lågast mogleg nivå. Næraste linjeleiar blir kopla inn viss det ikkje er mogleg å finna ei løysing på lågare nivå. Er det av ulike grunnar ikkje tilrådeleg å involvera linjeleiar, blir saka løfta til neste leiarnivå. Studentar kan òg venda seg til tillitsvalte eller fagutvalet, som så bringar saka vidare i systemet.

Ved mistanke om brot på dei etiske retningslinjene skal linjeleiar raskast mogleg, og før saka eventuelt blir vidare rapportert, informera den det gjeld. Informasjonsplikta er retta mot dei personane saka gjeld. Elles gjeld reglane om teieplikt.

Ved alvorlege regelbrot skal linjeleiar rapportera vidare til sin overordna. 

Brot på retningslinjene kan få konsekvensar for arbeidsforholdet. I særlege alvorlege tilfelle kan regelbrot medføra oppseiing eller avskjed i samsvar med lover og avgjerder som gjeld i arbeidslivet.

 

 

 

 

Published 27. august 2015 - 13:31 - Updated 1. juli 2020 - 14:14