Redelighet

Vitskapleg uredelegheit omfattar brot med god forskingspraksis, og markante avvik frå det som er akseptabelt innanfor faget. Det omfattar, men er ikkje avgrensa til, forfalsking eller fabrikasjon av data, plagiat og grov aktløyse i søknadsfasa, gjennomføringa og/eller rapporteringa av forsking. I tillegg kjem:

  • bevisst atterhald av uønskte resultat;
  • bevisst villeiande bruk av statistiske metodar;
  • bevisst villeiande om kven som har bidratt til forskinga og kor mykje deltakarane har bidratt;
  • forsettleg eller grovt aktlaust atterhald av detaljer i metodikk;
  • bevisst feilinformering om vitskaplege kvalifikasjonar i søknadar;
  • bevisst destruering av forskingsmateriale for å hindra undersøkingar ved mistanke om uredelegheit i forsking.

Uredelegheit må skiljast frå feil i forsking og den interne kritikken og etterprøvinga av forskingsfunn som føregår i det vitskaplege miljøet. NMBU bør ikkje bidra til spreiing av uberettiga mistankar eller overdimensjonering av saker. Tilsette som er mistenkt for uredeleg vitskapleg åtferd har krav på ei grundig og rettferdig behandling.

Ny nettressurs for studentar og tilsette om akademisk skriving og sitatbruk, utarbeida av Læringssenteret, Skrivesenteret og Biblioteket ved NMBU: 

Write & Cite - Understanding Plagiarism

Published 27. august 2015 - 10:27 - Updated 1. juli 2020 - 13:57