Møter og kurs

Dørene vert opna kl. 11.30 for servering av lunsj 

Påmelding: For å vita kor mange som vil ha lunsj ber vi deg melde deg på her. (Ikkje aktiv lenke lenger)

Du er hjarteleg velkommen til arrangementet sjølv om du ikkje har meldt deg på til lunsjen! 

Innleiingar til debatt:

Petter Aaslestad (leiar av Forskerforbundet): Forsking under krysspress – tydinga og vilkåret til den akademiske fridom. 

Svein Sjøberg (professor emeritus, UiO): Kan vi stola på forskarane? Er budsjettbalanse og lojalitet til oppdragsgivar viktigare enn vitskaplege ideal? 

Debatt med Lars Bakken (professor NMBU) som ordstyrar

 - Er sjølvstende og openheit i forskinga trua, i ei tid der koplingane mellom forsking, næringsliv og politikk blir stadig tettare og kravet til nytteverdien på forskinga blir skjerpt?

 - Går utviklinga i retning av at pengesterke og politisk mektige oppdragsgivarar i stigande grad styrer forskingsmiljøa og det dei forskar på?

 - Opplever forskarar at dei blir styrt og/eller pressa av oppdragsgivarar, politikarar osb.? Blir det skapt avhengnadsforhold som går på tvers av vitskaplege ideal?

 - Fører avhengnaden av eksterne middel til sjølvsensur, blind lojalitet og opplæring av unge forskarar til å sky maktkritisk forsking?

 - Kva ansvar har enkeltforskarar, akademiske institusjonar og oppdragsgivarar for å sikra sjølvstendet på forskinga? 

 

Arrangørar: Forskarforbundet ved NMBU og Etikkutvalget ved NMBU

Published 31. oktober 2016 - 18:14 - Updated 1. juli 2020 - 9:40

Sider