Miljømål

Miljømål

NMBU sitt viktigaste bidrag til betre miljø er gjennom utdanning av kandidatar, forsking, formidling og innovasjon. NMBU skal vere internasjonalt i forskingsfronten og utdanne kandidatar godt rusta til å bidra til ei berekraftig framtid.

NMBU vil belaste miljøet minst mogleg og miljøomsyn skal integrerast i drift av verksemda. NMBU skal jobbe for å bli klimanøytral og skape positive miljøeffektar gjennom aktiv arealforvaltning.

NMBU skal

  • Gjere miljøperspektivet framståande i fagleg verksemd og bidra med forskingsbasert miljøkompetanse til samfunnet
  • Utdanne miljømedvitne kandidatar med kunnskap til å løyse framtidas utfordringar og vidareutvikle studietilbod i miljørelaterte emne for kandidat- og etterutdanning
  • Skape miljømedvit blant tilsette og studentar
  • Vise aktsemd på feltarbeid og ekskursjonar i sårbar natur
  • Redusere avfallsmengder og leggje til rette for gjenbruk av ressursar
  • Leggje til rette for at tilsette og studentar vel miljøvenleg transport til og frå NMBU på jobb- og studiereisar.
  • Stille miljøkrav til leverandørar av varer og tenester
  • Minimalisere forureina utslepp til jord, vatn og luft
  • Dokumentere og vere open om miljøsaker
  • Redusere energi- og vassforbruk, og i størst mogleg grad bruke fornybare energikjelder
  • Arbeide kontinuerleg for å ta i bruk dei mest miljøvenlege løysingane
  • Skape positive miljøeffektar gjennom aktiv arealforvaltning
  • Leggje til rette for biologisk mangfald på eigedomane til NMBU
  • Lage klimarekneskap på utvalde område og konkretisere mål og tiltak på basis av dette

 

 

Published 7. desember 2016 - 12:10 - Updated 9. januar 2019 - 21:04