Fjernvarmeanlegg

Med fjernvarmeanlegget på campus varmast heile universitetet og bebygginga i Ås sentrumsområde opp med fornybar energi i form av skogsflis. Fjernvarmeanlegget opna høsten 2013.

Fjernvarmeanlegg

Skogsflisa er ein kortreist, fornybar ressurs som passar god inn i  miljøprofilen til universitetet. Teknisk er anlegget eit av dei mest avanserte i sitt slag i Norden. Det er bygd eige undervisnings- og møterom og eit ekstra stort kontrollrom for å leggje tilhøva til rette for eit samarbeid innan forsking og undervisning. Det er Statkraft Varme AS som eig og driv Ås Fjernvarme.

Statkraft Varme AS sitt nye fjenvarmeanlegg på Campus Ås. Anlegget skal fyres med våt flis og levere fjernvarme i Ås

Statkraft Varme AS sitt nye fjenvarmeanlegg på Campus Ås. Anlegget skal fyres med våt flis og levere fjernvarme i Ås

Foto
Håkon Sparre @ UMB

Kort byggjetid
Det var universitetet som sat på fjernvarmkonsesjonen i Ås sentrumsområde. Universitetet valde å selje ut konsesjonen og valet fall då på Statkraft Varme AS (SVAS). SVAS overtok i mai 2011 og i september 2012 var tomta byggjeklar. Det var eit krav frå universitetet at det skulle leggjast til rette for forsking og undervisning i den nye fjernvarmesentralen.

Sentralen er plassert lett tilgjengeleg for studentar og forskarar inne på campus. Totalt har anlegget kosta 145 millionar kroner inkludert ei støtte på 25 millionar frå Enova. Det er lagt ned 6 km med nye fjernvarmerøyr, og saman med 2 km inne på campus er nettet i dag på 8 km. Det er planlagt ytterlegare 2 km med røyr i samband med tilkopling av nye institusjonar og kundar.

Fornybar spisslast
Det er den flisfyrte biokjelen på 10 MW som leverer grunnvarme til fjernvarmeanlegget. I kuldeperioden med stort varmebehov vil ein bio-oljekjel ta spisspåkjenningane. Denne kjelen leverer 6 MW og er med på å auke delen fornybar energi til 97 % gjennom eit normalår. Som ei reserve er det installert ein tradisjonell oljekjel på 12 MW.

I innkøyringsperioden brukast eit relativt homogent brensel av skogsflis. Etter kvart som anlegget er innkøyrt vil flisa bli basert på GROT (greiner og topp etter hogst). Kvaliteten på GROT er svært varierande, både i samansetning og gjennom året (til dømes mengda is) og stiller store krav til sortering og blanding for å sikre ei best mogleg forbrenning.

Aukande behov framover
Statkraft Varme AS understrekar at Ås Fjernvarme har ein god oppstart i og med at mange store kundar allereie er på plass. I tillegg til NMBU er Ås kommune og Ås vidaregåande skole viktige kundar. Ås Fjernvarme reknar med å levere 20 GWh per år frå oppstart. Kapasiteten til anlegget er større og både samlokaliseringsprosjektet  (nybygget for NMBU si veterinærutdanning og Veterinærinstituttet) og Nofima er brukarar som vil knyte seg til i åra som kjem. Det betyr ei dobling av energileveransen til 42 GWh per år.

 

Published 12. mars 2015 - 10:46 - Updated 9. januar 2019 - 21:11