Miljøtiltak

NMBU fikk heidarleg omtale og innspel på forbetringsområde i Universitas si kåring på miljø

NMBU har betra sine miljøprestasjonar i stort monn dei siste åra. NMBU brukar fjernvarme og straum med opphavsgaranti. Vassbruken er redusert til 1/10 i løpet av ti år, energisparingstiltak i bygg er utført og det er oppretta miljøstasjonar på begge campusane. NMBU eig 13 el-bilar og tilsette har tilgang til 66 elbilparkeringsplassar ved Ås og Adamstua. I 2016 har miljørådet sett ned miljømål og tiltak for NMBUs vidare miljøarbeid. Sykkelprosjektet «Bygdebike» er starta saman med Ås kommune og Åspro. NMBU fikk fleire medieoppslag om dette innovative prosjektet. Avfallssortering er etablert i SiÅs’ største kantiner. I 2017 vil miljørådet blant anna arbeida for auka resirkulering av NMBUs avfall og utbetring av sykkelmulegheitene på Campus Ås.

Miljørådet

Miljørådet skal gje faglege råd om spørsmål som gjeld universitetets miljøarbeid og våre sparringspartnarar for NMBUs miljøkoordinator. Miljøhandlingsplana skal verta revidert for å passa åt det nye universitetet og rådet skal ha ei aktiv rolle i utarbeidinga av ho.  

Du kan lesa meir om miljørådet her.

Miljøleiing
NMBU har vore miljøsertifisert etter ISO 14001 frå 2004 til 2016. I samband med innføring av ny standard har NMBU teke ein pause frå denne sertifiseringa, for å vurdera også andre sertifiseringsordningar på dette området. I 2016 og 2017 har NMBU jobba med nye miljømål og ny tiltaksplan som ein del av eit nytt miljøleiingssystem. 

El-bilsatsing

NMBU fortset satsinga på el-bilar og har totalt 13 el-bilar og ein hybridbil. Det er òg god dekning på ladestasjonar for tilsette og gjestar, til saman 66 ladepunkt.

Miljø-Campus
Gåande og syklande vert prioriterte ved Campus Ås og i den verneverdige delen av parken er det no avgrensa med biltrafikk og parkering. Dette er i tråd med Riksantikvarens føringar og vår eigen miljøpolitikk. Parken har ei rekkje miljøtiltak med blant anna elbiler og elbaserte verkty. I parken har NMBU også et eiga regnbed. Du kan lesa meir om det her.

Videokonferanserom
Det er investert i ei rekkje nye videokonferanserom dei seinare åra. Dette fører mellom anna til mykje mindre behov for å reisa mellom Campus Ås og Adamstua. Ei oversikt over desse finn du her.

Profilering av miljøarbeidet

Synleggjering av NMBUs miljøarbeid har vore ei viktig oppgåve i dei siste par åra. Konkret årstal. Ei ekstern webside med namnet «miljøarbeidet ved NMBU» er laga. På sida er viktige miljøtiltak ved NMBU synleggjorde. Denne sida er tett vevd saman med websida «Miljø, klima, energi» som viser forsking og undervising innan desse tema. Her ligg også NMBUs digitale miljøbrosjyre.

Sykkel og Bygdebike-prosjektet

Det har i fleire år vore sjekka ut ulike mulegheiter for bysyklar i Ås, utan at dette har vore muleg å realisera. I ei studentoppgåve frå 2014 kom fire studentar med ein forretningsidé om å kjøpa inn enkle syklar med app-baserte låsar som dei kalla «Bygdebike». NMBU fikk 320.000,- frå Akershus fylkeskommune i oktober 2015 for å få på plass inntil 100 syklar i ei eiga bysykkelordning i Ås. Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt med Ås kommune og Åspro. Vinteren 2016 vart det kjøpt inn syklar og låsar, skilt vart laga og sykkelparkeringsplassar ved Ås stasjon oppretta. Det vart i første omgang kjøpt inn 50 syklar med opsjon om å kjøpa inn 50 nye syklar hausten 2016. Prosjektet vart opna 2016 ved Ås stasjon med blant anna ordførar, representantar frå Akershus fylkeskommune og rektor. I 2018 er det opne med 100 syklar. Sykkelprosjektet har fått mykje positiv omtale og det har vore teke i bruk av både studentar og tilsette. NMBU er med i ei arbeidsgruppe i Ås kommune som skal sjå på ein sykkel- og gå strategi i Ås kommune.

Miljøvennleg drift

Fornybar oppvarming

Det er gjennom ei årrekkje arbeidd kontinuerleg med optimalisering av energiforbruk ved NMBU. Både Campus Ås og Adamstua er varma opp med hjelp av fjernvarme. NMBU har vore pådrivar for å få eit fjernvarmeanlegg i Ås. Det var eit krav frå universitetet at det skulle verta lagt til rette for forsking  og undervising i den nye fjernvarmesentralen. Se film her

Grønn straum og eltiltak
NMBU kjøper grøn straum. Grøn straum er straum med opphavsgaranti. Slike avtalar viser at straumen kan sporast attende til eit vindkraftverk, eit solcelleanlegg eller ei anna fornybar energikjelde. Universitetet har dei siste åra byta ut mange lyspærer til LED-lys og andre lågenergipærer og det er standard å montera behovsstyrt lys (basert på luxmålingar eller rørslesensorar). Det er òg lagt inn eit stort arbeid og gode rutinar på styring av elektrisk varme.

Miljøstasjon og kjeldesortering
Campus Ås har i dag ein godt fungerande miljøstasjon med 11 forskjellige fraksjonar. Det er eigne containarar for metall, treverk, papp/papir, isopor, glas, landbruksplast, ee-avfall, lysrør, batteri og restavfall. Elles på Campus er det sett ut containarar for papir/papp og restavfall. Campus Adamstua har òg eigen miljøstasjon med fraksjonar for treverk, metall, smittestoff og kjemikaliar. Vaktmeistrane ved NMBU er ein av våre viktigaste bidragsytarar til resirkulering av avfall. Hausten 2018 er det ny anbodrunde ved NMBU på renovasjon. NMBU har som mål å verta enda betre på kjeldesortering. Det vert arbeidd fakultetsvis med å få på plass resirkulering på fleire bygningar ved NMBU.

Energiforbruk
Det er i ei årrekkje jobba kontinuerleg med å optimalisera energiforbruket ved Campus. Resultatet er noko lågare totalforbruk sjølv om talet på studentar og tilsette har auka. Energiforbruk pr. person (tilsette og studentar) har med det hatt ei svært positiv utvikling og er mest halvert dei siste ti åra.

Vassforbruk
Vassforbruket per person er redusert til ein tiandepart av kva det var for ti år sidan. Den kraftige reduksjonen i vassforbruket skuldast at Campus Ås, over fleire år, har skifta ut gamle, utette vassleidningar ved og rundt campus. Ei oppgradering som har kosta over 40 millionar kroner totalt.

Klimarekneskap
NMBU har i høve deltaking i prosjektet grøn stat rekna på korleis delar av verksemda påverkar klimaet. Dei viktigaste påverkingskjeldene er kartlagt. Dette vil verta vidareført og fleire relevante forureiningskjelder bør vurderast inn i ein slik rekneskap, både negative (f.eks. husdyrhald) men òg positive (f.eks. skog). NMBU driv med forsking innan desse felta og når anerkjende berekningsmetodar og relevante tal ligg føre vert det teken med. Foreløpig er heller ikkje innkjøp av varer og tenester, som på verkar indirekte, teken med i klimarekneskapet. Av energiforbruk i universitetets bygningsmasse som gir størst direkte klimapåverking, er det særleg fyringsolje som gir store CO2-utslepp. Dette er i stor grad erstatta med fjernvarme, både ved Campus Ås og Adamstua.

Miljøarbeidet i statsbyggprosjektet kan du lesa om her

Opplæring ved laboratoria
Alle tilsette, studentar og gjesteforskarar skal lærast opp når dei startar ved laboratoria våre. NMBU har utarbeidd ein eigen laboratoriehandbok og mange rutinar knytta til dette.

Opplæring i avfallshandtering og bruk av stoffkartotek er ein viktig del av dette. NMBU har også laga ei rekkje filmar som skal brukast i opplæring på dette området. Nokre av filmane kan du sjå her.

Miljøvennlege kortlesarar på skrivarar
For å redusera unødvendig papirforbruk, har dei fleste NMBU skrivarar/kopimaskiner kortlesar. Det gir fleire fordelar enn berre redusert papirforbruk. Undersøkingar andre stader viser at 30 % av utskriftene kastast/ikkje vert henta på skrivaren og mange verksemder får opptil 50 % reduksjon når kopien må hentast med kort. NMBU har redusert papirbruk dei seinare år.

 

 

 

 

 

 

Published 12. mars 2015 - 9:31 - Updated 29. november 2018 - 13:46