Miljøvennlige utearealer

Mål 2030

NMBUs uteareal skal fremja miljø og biologisk mangfald og skapa trivsel og naturglede

Mål 2020

  • Ha miljøaspektet som ein viktig faktor i bevaring, utvikling og drift av Universitetsparken
  • Miljøeffektiv bruk av takflater
  • Grøn drift av uteanlegg og kretsløpsbasert parkdrift
  • Uteareal har eit biomangfald

 Tiltak

Innan 2030:

Kartleggja biomangfald på NMBUs område

Tiltak:

  •  Klimagassreknskap for gatevarme
  • Plan for miljøeffektiv og klimavennleg skjøtsel
  • Oversikt over overvatnhandtering
  • Gamle forureiningar i grunnen skal kartleggast og fjernast eller sikrast på ein forsvarleg måte. Følgja opp opprydding på Korsegårdsmyra
  • Tak- og overflatevatn skal fangast opp, behandlast og nyttast til vatning, i dammar eller andre positive formål
  • Habitatforbetrande tiltak og tiltak for å bevara raudlista artar
  • Aktivt fjerna uønska innførde artar som er i spreiing på NMBUs område
  • Bevara NMBUs landbruksareal (jord, skog og beite) og vurdera frivillig vern av delar av skogen
  • Minimal bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel og redusera utslipp av fosfor til Årungen med planmessig gjødsling, grøne belte mot vatnet, fangdammar og unngå auke av antall beitedyr i området
  •  Vurdera nedgravde søppelkontainarar der det er hensiktsmessig

 Indikatorar:

  • Årleg registrering og rapportering av bruk av plantevernmiddel
  • Overvaking av vatnkvaliteten i vatn/vassdrag på NMBUs eigendom 
  • Kartleggja dagens biologiske mangfald og oppretta eit nettverk av målepunkt
  • Synleggjering av tiltak som vert gjennomførte (skilting, kart, websider mv)
Published 31. januar 2020 - 13:52 - Updated 13. oktober 2020 - 9:22