Miljøvennlig transport

Mål 2030

  • Eigedomsverksemda sin transport skal vera fossilfri i 2030
  • Jobba for at fleire skal gå eller sykla åt jobben – eller reisa kollektivt
  • Tilretteleggja for tilsette og studentars utsleppsfrie køyretøy

 Tiltak

Sykkel

  • Vidareutvikla gode sykkelfasilitetar på alle bygg (parkering, garderobar, tørkemoglegheiter osb)
  • Auka sykkelparkering ved bygg kor det trengs mellom anna Husdyrfagbygninga og Damgården. Få fleire sykkelparkeringar med tak over
  • Tilretteleggja for at fleire skal gå eller sykla til jobben

 Kollektivtilbod og reiser

  • Etterspørja utslippsfri transport av person, varer og tenester ved EiA/NMBUs innkjøp
  • Samarbeida med Ås kommune, Ruter og NSB for å vidareutvikla og forbetra kollektivtilbodet
  •  Auka fokus på bruk av kollektivtilbod for sensorar og liknande
  • Oppdatera skjema som er i bruk og som kan medføra reiseaktivitet for tilsette og studentar med omsyn åt reisepolicy
  • Implementera reisepolicy og auka andelen miljøvennlege tenestereiser
  • Tilby god reiseplanleggjar via reiseleverandør inkl. miljøvennlege alternativ som tog/buss
  • Laga handlingsplan for å ha gode møterom med videokonferanserom over heile campus. Sikra lett tilgengeleg brukarveiledningar og vedlikehald av utstyret. Informera om videokonferanserom og halda utstyret oppdatert

Elbil

  • Velgja hybrid-, el. bilar eller bilar som brukar biodrivstoff ved fornying av bilparken
  •  Vurdera å prioritera el- og hybridbilar på parkeringsplassane nær bygningar
  •  Vurdera moglege utlånsordningar for el-bilar som kan lånast ut til tilsette i arbeidstida

 Indikatorar

  • Statistikk på reiser inkl flyreiser/antall ansatte med reiselengde og CO2
  • Framstilling av tiltak for å redusera flyreiser
  • Synleggjera gode eksempel på alternativ til flyreiser
  • reisevaneundersøking 2021
  • Framstilling av tiltak for å forbetra kollektivtilbod
  • Framstilling av kampanjer på meir bruk av sykkel, gange eller kollektivtilbod til og frå campus
  • Antall rom som har godt videokonferanseutstyr, opplæring og informasjon på intranett
  • Antall elbilar
  • Antall elbilplassar og straumforbruk
  • Framstilling av oppfølging av garderobehandlingsplan
  • Antall sykkelstativ med og utan tak
  • Tallfesta bruk av Bygdebike 
Published 31. januar 2020 - 13:52 - Updated 13. oktober 2020 - 9:21