Fornybar energi og redusert energibruk

Mål 2030

  • Redusera bygningsrelatert energibruk pr m2 med 10 prosent   

Mål 2020

  • Gjennomføra energieffektiviseringstiltak saman med brukarane
  • Vidareutvikla energileiinga
  • Velgja energieffektive løysingar ved innkjøp til byggjeprosjekt og optimalisera bruk av eksisterande bygg

Tiltak 

  • Synleggjera NMBUs energiovervakingssystem i drifta av alle bygningar gjennom årleg energirapport med resultat og tiltak
  • Dei tilsette blir oppmuntra til å lukka vindu og slå av lyset og it-utstyr når dei dreg for dagen
  • Installera solcelleprosjekt på Ås gard. Vurdera fleire solcelleprosjekt
  • Vurdera å byta ut damkjel på husdyrforsøk med elkjel
  • Installera lyssensorar der det er mogleg og hensiktsmessig
  • Vurdera etablering av ein intern klimakvoteordning som vert nytta til energireduserande tiltak

Indikatorar

  • Kontinuerleg overvaking av energiforbruk og vatnforbruk. Årsrapport på forbruk. Fordela på talet tilsette og studentar
  • Synleggjera energi frå fornybare energikilder
  • Synleggjera kva kjøp av straum med opphavsgaranti gjer med klimabudsjettet
  • Oljeforbruk Fortek dampkjel
  • Tal på oppgraderingar på lyssensorar
  • Skildra energireduserande tiltak
Published 31. januar 2020 - 13:52 - Updated 13. oktober 2020 - 9:15