Bygdebike

Donkey Republic sin app

Foto
Lena Marie Kjøbli

Bygdebike har leverandør frå Donkey Republic. Syklane må parkerast i faste, virtuelle stasjonar i Ås sentrum, NMBU, Pentagon, Vitenparken, Samfunnet, Nofima og Nibio. Det gjev mykje større kontroll på kvar syklane er. Syklane vil vere tilgjengelege også i sommarferien. I tillegg har vi auka talet på syklar frå 50 til 100. Låsane er godt prøvde ut i fleire europeiske byar og skal tole norsk vêr. 

 

Pengane går uavkorta til drift av systemet. Ta gjerne kontakt om du har innspel eller framlegg til forbetringar.

Du kan også finne nyttige oppdateringar på Facebook

 Vi brukar no Donkey Republic sine låsar og app. Biletet til venstre viser nokre av stasjonane og kvar det står syklar. Dette endrar seg ettersom syklane flyttast. Det er no 22 virtuelle parkeringsplassar i vanlege sykkelstativ på Ås stasjon, NMBU, Pentagon, Samfunnet, Nibio og Nofima. Det er mogleg å leggje til fleire. Du kan laste ned app på:

Download Android App

Download iOS App

Reglar for bruk av Bygdebike

Her kan du få svar på alt du lurar på med å bruke sykkelen

Historikk

Det har i fleire år vore sjekka ut moglegheiter for bysyklar på Ås, utan at dette har vore mogleg å realisere. I ei studentoppgåve frå 2014 kom fire studentar (Emilie Midttveit Bollingberg, Jonatan Nordang Paz, Åsa Haaland og David Ema) med ein forretningsidé om å kjøpe inn enkle syklar med app-baserte låsar som dei kalla «Bygdebike». Ei kartlegging av TØI gjennomført i mai i fjor, viser at det er relativt stor interesse for eit slikt tilbod blant dei som pendlar med tog til og frå Ås. Studentane presenterte ideen for Teknisk avdeling og på basis av dette arbeidet valde NMBU å sende ein søknad om støtte til Akershus fylkeskommune.

NMBU fekk 320.000,- frå Akershus fylkeskommune i oktober 2015 for å få på plass inntil 100 syklar i eiga bysykkelordning på Ås. NMBU har prosjektleiaransvar og samarbeider med Ås kommune og Åspro. Systemet vart første gong lansert 19. april 2016 med høgtideleg opning på Ås stasjon i samband med årets sykkeldag.

Published 29. mars 2016 - 11:04 - Updated 19. mai 2021 - 18:22