Campusen i framtida

Nye campus Ås, som skal stå ferdig 2020, vil bli eit kraftsenter for innovasjon, forsking og undervising innan miljø- og biovitskap.

Fremtidens campus

Det byrja med samanslåinga av to tradisjonsrike utdanningsinstitusjonar: 

1. januar 2014 vart Noregs veterinærhøgskule og Universitetet for miljø- og biovitskap formelt til Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU). 

Resultatet er den største utbygginga i universitets- og høgskulesektoren nokon gong. 

I perioden 2011 til 2020 skal det investerast fleire milliardar kroner i å utvikla campus Ås for framtida. 

Nye undervisings- og forskingsbygg, nytt fellesbygg med kantine og bibliotek, rehabilitering av Urbygninga, nye studentbustader og ny infrastruktur skal på plass. 

Når veterinærforskinga og -utdanninga i 2020 flyttar frå Adamstua til eit topp moderne nybygg på Ås, vil kunnskapen om alle ledd i den biologiske produksjonskjeda vera samla på éin stad. 

Dermed ligg alt til rette for å utnytta synergiar og tverrfagleg samarbeid i jakta på løysingar på nokon av vår tids største utfordringar.

Du kan følgja utviklinga i byggeprosjektet her.

FORSKINGS- OG UNDERVISINGSBYGG FOR VETERINÆRFAG

Meir enn 30 bygningar har vorte rive for å få plass til det massive forskings- og undervisingsbygget for veterinærfag på campus Ås. 

Bygget blir over 60 000 kvadratmeter stort – tilsvarande ni fotballbanar. 

I tillegg til tradisjonelle undervisingsareal og kontor, rommar bygget laboratorium, dyrestallar, universitetssjukehus for dyr med meir. 

Smittevernhensyn krev avanserte byggetekniske løysingar og teknologi. 

Også Veterinærinstituttet, som blir med på flyttelasset frå Adamstua til Ås i 2019, vil få plass i det nye bygget.

INFRASTRUKTUR

Når campus Ås veks seg større treng òg infrastrukturen eit løft. Hovudvegar rundt campus har vorte utbetra, og nye vegar er etablerte inne på campus. 

All ny infrastruktur tek omsyn til at mange sentrale bygningar og det historiske parkanlegget på campus Ås er freda.

REHABILITERING AV URBYGNINGA

Urbygninga frå 1902 utgjer kjerna av campus Ås, og vart saman med ei rekkje andre historiske bygningar freda av Riksantikvaren i 2014 – både utvendig og innvendig. Også delar av den omkringliggjande parken vart freda. 

No blir Urbygninga restaurert og rehabilitert for vidare dyst som undervisingsbygg. Arbeida skal vera ferdige slik at han kan takast i bruk av studentar og tilsette i løpet av 2016.

Les meir om framdrifta i samlokaliserings- og utbyggingsprosjektet her

Studentar utanfor Urbygninga

Foto
NMBU

SENTER FOR HUSDYRFORSØK

I mai 2015 sto dei nye bygga som husar Senter for husdyrforsøk klare, med tidsriktige fasilitetar for forsking og undervising i husdyrvitskap. Dermed er første trinn i eit samlokalisert NMBU på plass. 

Senteret omfattar fleire nye bygg: Tri høgteknologiske driftsbygningar – småfefjøs, grisehus og storfefjøs, i tillegg til eit administrasjonsbygg og ein verkstad med traktorgarasje. 

Senteret utgjer hovudtyngda av driftsbygningane på Ås gard, og ligg av smittevernomsyn éin kilometer frå der det nye bygget som skal husa veterinærfag.

FISKELABORATORIUM

Utbygginga av Senter for husdyrforsøk omfattar òg eit nytt og moderne fiskelaboratorium. 

Fiskelaboratoriet, som ligg i eit ombygd grisehus, stod klart i mai 2015 og blir opna offisielt i juni 2016. Det opnar for heilt nye forskingsmoglegheiter.

STUDENTBOLIGAR

Til alle tider har studentane både budd og studert på campus Ås. Seks nye blokker i studentbyen Pentagon vidarefører tradisjonen. 

254 hyblar fordelte på to åtte-høgders høgblokker vart tekne i bruk i 2013, medan 227 hyblar fordelte på fire fire-høgders blokker stod klare i  2014.

Dei nye bygningane er av massivt tre, og demonstrerer i god, innovativ NMBU-and at det går an å byggja høgt og miljøvennleg med biologiske materiale. 

Published 20. juli 2015 - 13:57 - Updated 3. august 2020 - 13:39