Varsling

Kritikkverdige forhold som forhold som er i strid med rettsreglar, skriftlege etiske retningsliner i verksemda eller etiske normer som det er brei tilslutning til i samfunnet. Varsling er å melde fra om kritikkverdige forhold ved verksemda. Du kan varsle til leiinga, til overordna styremakt, til statlege tilsyn, kontroll- eller politimyndigheiter, eller varsle offentleg. 

Det er fleire måtar å varsle NMBU på:
Er du tilsett eller innleid arbeidstakar kan du varsle til leiar, verneombod eller tillitsvalgd mv. Studentar kan varsle til studieleiar, studentombod, Studentanes informasjonstorg mv. Lenker til meir informasjon om varsling ved NMBU finn du i faktaramma til høgre på sida.

Alle kan varsle på NMBU sitt nettskjema for varsling av kritikkverdige forhold.

NMBUs varslingssekretariat er mottakar av nettskjema: 

Sekretariatet vil sikre fortruleg handsaming av varselet, avklara på kva for nivå i organisasjonen varselet skal handterast og bidra til at NMBU har ein juridisk forsvarleg og einsarta handtering av varsel om kritikkverdige forhold. Sekretariatet kan kontaktas om spørsmål om varsling og handsaming av varsel.

Gjengjelding mot personar som varslar i samsvar med gjeldande lovverk, er forbode.

 

Published 25. mars 2019 - 13:47 - Updated 28. April 2021 - 16:06