Trakassering

Kollegaer og medstudentar som blir kjent med at trakassering går føre seg har ei plikt til å varsla om dette til NMBU. Leiarar som mottek varsel om trakassering eller på annan måte vert kjent med at trakassering skjer, skal kontakta Personal- og organisasjonsavdelinga for bistand.

NMBU har retningsliner for melding og oppfølging av varslar om trakassering i HMS-handboka (krev innlogging med "Feide"). Retningslina gjeld for tilsette og studentar.

Har du opplevd trakssering i høve med tidlegare arbeid, studier eller aktivitetar i regi av NMBU, ønskjer vi at du kontaktar Personal- og organisasjonsavdelinga:

NMBU vil handsama varselet konfidensielt, undersøkja og handtera saka. Er det risiko for at trakasseringa du har opplevd, fortsatt pågår i våre miljø, vil NMBU sørgja for at trakasseringa tek slutt.

Published 15. desember 2017 - 9:39 - Updated 30. juli 2020 - 12:46