Reglar for NMBU sine utleigebustader

Reglar og prioritering ved utveljing.

Reglar for utleigebustader

Nytilsette og stipendiatar med tidsavgrensa opphald eller av ulike grunnar har vanskar med å kome inn på bustadmarknaden prioriterast.
Årsaker kan vere:
· Kjem frå andre land
· Økonomisk årsak
· Endra familiesituasjon
· Eventuelt andre årsaker.


Ved få søkjarar kan andre søkjarar bli vurderte. Søkjarar må vere løna av NMBU. Leigetilhøvet kan bli forlenga, utover 2 år, om kriteria framleis oppfyllast og gjeld for ein kort tidsavgrensa periode. Leigetilhøvet kan seiast opp med tre månaders varsel. Det er ikkje tillate med framleige. NMBU tek utgangspunkt i utleigevilkår «utleigebustader fastsett av Statsbygg».

Bustadene leigast normalt ut for inntil 2 år, med høve for forlenging ved tidsavgrensa tilsetjingstilhøve.

Dei fleste leilegheitene/bustadene er umøblerte og utan kvitevarer. Utgifter til straum og oppvarming kjem i tillegg til husleiga. Hagane inne på campus er rekna som ein del av parken og leigetakar pliktar å halde han i orden. Hagen kan ikkje brukast som lagringsplass. Leigetakar har ansvar for plenklipp og stell av bed. Leigetakar må halde utstyr sjølv. Parken står for klipping av hekkar og tre.

Leigetilhøvet kan vere fordelsskatta.

Published 15. august 2014 - 14:19 - Updated 9. januar 2019 - 9:45