Filming på campus

Det føreset at alle opptak og seinare bruk følgjer norsk lov. Dersom det er personar som er i hovudfokus enkeltvis eller i gruppe må det verta henta samtykke frå alle involverte.

Filming, fotografering og opptak av lyd til nyheiter, reportasjar og dokumentarar

Det er ingen avgrensingar for opptak til produksjon av nyheiter, reportasjar og dokumentarar på NMBUs eigendommar så lenge dette ikkje uroar NMBU si daglege drift. Produksjonar som krev tilrettelegging, enten i form av utstyr, tenester eller tilgang på lukka område, må avtalast med Eigedomsavdelinga. Tilrettelegging føreset at NMBU har kapasitet og ressursar til å komma behova imøte.

Filming, fotografering og opptak av lyd til kommersiell bruk

Åndsverklovas utgangspunkt er at bygningar fritt kan verta avbilda. Anten bruken er kommersiell eller ikkje, avgrensar det ikkje bruken. NMBU har ein fullmakt frå Kunnskapsdepartementet til å forvalta eigedommen. Vi ønskjer å verna om universitetets merkevare og verdiar, og våre plikter til å forvalta eigedommane i tråd med samfunnet sine intensjonar. Dei gamle bygningane er sterkt knytta til NMBU si merkevare, og vi ønskjer ikkje at dei blir bruka til kommersielle føremål, som til dømes reklame, betalte redaksjonelle artiklar, marknadsføring av produkt, tenester og personar. Det gjeld særleg bygningane rundt Storplena og universitetstunet. NMBU gjer ei vurdering av dette etter motteke søknad. Send søknad til eia@nmbu.no.

Droneflyging

Før droneflyging kan utførast må det leverast dokumentasjon:

  • At droneførar har riktig sertifikat og er godkjent førar
    • Flyplan m/kart og tidsplan
    • Naudlandingsplass
    • Varslingsplan til tilsette/studentar

Dette skal leverast åt tryggingsleiar ved NMBU i god tid før planlagt flyging. NMBU kan vera interessert i å bruka opptaka som blir gjort. Om opptaka er av ein slik art at det er relevant å bruka for NMBU, kan det bli aktuelt å gjera avtale om rettar til opptaka.

Leiekostnadar

Dersom opptak krev tilrettelegging frå NMBU, må vi ha kapasitet og ressursar til å imøtekomma dette. Der det er behov for at tilsette følgjer leigetakar, må vi ta betalt for dette. Vi tar betalt for tida vi må sette av mellom anna til syning, administrasjon, sikkerheit, reinhald og anna tilrettelegging. Vi vil vurdera kvar enkelt søknad.

Om opptak må gjerast utover arbeidstid, vil det virke inn på kostnaden med 100% overtid.

NMBU har ein verneverdige campus. Leigetakar/firma står ansvarleg for eventuelle skadar på eigedommen.

Søknadsskjema må verta send inn i god tid, helst to veker før opptake. Send søknaden til  eia@nmbu.no.

Published 21. januar 2019 - 15:03 - Updated 12. januar 2022 - 15:45