Tilgang til bygningar

Campus Ås

Ytterdører i bygningar med kontor og undervisningsareal
Alle kortlåsar er innstilte slik at ytterdører stengjast klokka 1545/1500 og opnast 0730 på vekedagane. I helg og på heilagdagar er dørene alltid låste. Unntaket er Cirkus og nokre andre bygningar, med lite folk, som er låst heile tida.  Om fakultetet ønskjer at ei bygning skal ha låst dør heile døgnet utanom helg og heilagdagar, må dette meldast EIA. Dette gjeld også om dei ønskjer å opne nokre dører som no står låst.

I juli, veke 31 og veke 52 er dei fleste ytterdører på campus stengde.

Alle tilsette har tilgang til alle bygningane med undervisningsareal.  Tilgangen gjeld heile døgnet og i dei same bygningane som studentane har tilgant til (sjå under)

Alle studentar har tilgang til bygningar med generelle studierelaterte rom heile døgnet. Dette gjeld følgjande bygningar; Sørhellinga, TF-kvartalet, Bioteknologibygninga, Meieribygninga, Ur, Tårn, Parkgarden, Husdyrfagbygninga, Jordfagsbygninga/Mellombygninga. Unntak: Urbygninga før kl 2300. (Urbygninga er stengt frå 2300-0600 for alle)

Læresalar, datasalar, laboratorium, grupperom, lesesalar og auditorium
Alle tilsette og studentar har tilgang til alle felles studierelaterte rom. Dører til undervisningsrom og auditorium er i hovudsak opne i arbeidstida, datasalar og ein del laboratorium er alltid låste.


Rom som brukast til eksamen
Dei rom som brukast til eksamen blir stengde for alle tilsette og studentar etter siste undervisningstime før eksamen. Eksamensvakter må sikrast tilgang ved kort som dei kan bruke til å opne og stengje dørene med.

Fakta om tildeling av tilgang
Ved tilsetjing og opptak registrerast tilsett- og studentdata sentralt og den generelle tilgangen til lokale som er spesifiserte over blir aktiviserte i tilsett-/studentkort. Det føresetjast at alle tilsette og studentar har med seg tilgangskort når dei er på Campus.

Ansvaret til fakultet og andre einingar
Det er fakultetet sin kontaktperson mot EIA som kan bestille tilgangar og tilgangsnivå.

  1. Masterplassar som tildelast av fakultet
    Studentar får tildelt plassar og får tilgang der dei har plass. Fakulteta må melde inn til EIA kven som skal ha tilgang kvar og for kva periode.
  2. Rom med mykje utstyr/laboratorium
    Romma er alltid låste og det er avgrensa kven som har tilgang. (døme; Laboratorium BTB). Fakulteta må melde inn til EIA kven som skal ha tilgang kvar og for kva periode.
  3. SKP
    Det er SKP som styrer tilgangen til laboratorium og veksthus. Fakulteta må sikre at dei som skal ha tilgang får dette.
  4. Andre spesialrom som SHF/Fiskelab/Isotop/3D-lab
    SHF/Fiskelab/Isotop/3D-lab må melde inn til EIA kven som skal ha tilgang kvar og for kva periode.
  5. Rom som Fakulteta leiger og brukar
    Fakulteta må sjølv setje opp tilgangsnivå på dei lokala dei ønskjer å avgrense tilgangen til. Nivåa må meldast inn til EIA. Fakulteta må også melde inn til EIA kven som skal ha tilgang kvar og for kva periode.

 

Campus Adamstuen

På Adamstuen styrast kortlåstilgangen frå EIA, Campus Adamstuen for tilsette. Tilgangskort til studentane blir produserte og delte ut på studieavdelinga. Korta inneheld standard tilgang som er definert av EIA. Ved eventuelt utviding med tilgang gjevast dette av EIA, Campus Adamstuen.

Skalsikringa er delvis open avhengig av om publikum skal inn eller ikkje.

Published 28. April 2017 - 9:52 - Updated 9. januar 2019 - 9:35