Skiltgruppe

Skiltgruppa skal utarbeida ein skiltmanual og gjennomføringsplan for skilting på campus, i tråd med ny designmanual.

Medlemmar i gruppa er Kai Tilley og Anne S Høvde.

Skiltgruppe

Mandat

Gruppa skal kunna henta ressursar både eksternt og internt og skal jobba med følgjande oppgåver:

  • Identifisering av type skilt som skal utformast.
  • Identifisera utplassering av utvendig skilting. 
  • Utforma eit vedlegg til designmanual for innandørs og utandørs skilting.
  • Vedlegget skal kunne fungera som kravspesifikasjon ved innkjøp.
  • Arbeidet skal koplast til forvaltingsplan park og utvendig infrastruktur, og prosjektet «Tilgjengelegheit på campus» som omhandlar trafikkregulerande skilt og tiltak.
  • Rekkjefølgjeframstilling og tilrådd prioritering av oppgåver knytta til skilting og ein tilrådd køyreplan frå 2015 ‐ 2019.
  • Beskriva nødvendige investeringar for å realisera plana.
  • Gjennomføring etter plan avhengig av tilgjengelege middel.
  • Beskriva detaljerte malar for innandørs skilting.
  • Beskriva retningsliner for fysisk plassering av skilt.
  • Målsetting at mest mogleg av eksisterande skilt kan tilpassast ny profil.
  • Utarbeida og tilgjengeleggjera malar til bruk hos institutta. Det skal vera enklast mogleg for institutta sjølve å skifta informasjon i skilt.
  • Sjå på ny namngiving av vegar på campusområdet for å forenkla navigering, adressering og skilting, og for betre å ta omsyn åt vegar som ikkje lenger er å sjå på som bilvegar.
  • Sjå på løysing for vegskilting. Utvikla forslag som skil vegnamn frå annan variabel informasjonsskilting.
  • Sjå korleis eksisterande vegskilting og fundament (blå‐kvite) kan attvinnast til å vera bygningsskilt med informasjon om kven/kva som er i bygninga (Basert på idéar frå tidligare skiltplan kor blant anna TF allereide er utført i samsvar med dette prinsippet).
  • Vurdera korleis andre aktørar på Campus skal kunna profilera seg gjennom NMBUs standardiserte skilting.
  • Sjå på behov for retningsskilt for gåande.
  • Sjå på orienteringsskilt og kart til f.eks. innkjørslar, busshaldeplassar.
  • Sjå på nødvendig skilting frå omkringliggjande vegar.
  • Sjå på ønska plassering av skilt.
  • Vurdera eventuelle behov for skiltbelysing.
    • Utarbeida malar til bestilling.

Annan type skilting

Gruppa skal rådførast og det kan verta del av mandatet å sjå på:

  • Skilting av energimerking av bygg
  • Skilting for renovasjon («Returpunkt», Papir, Restavfall)
  • Skilting for varelevering

Informasjonsskilt attraksjonar/park (ikkje planteskilt).

Published 7. januar 2015 - 13:28 - Updated 3. august 2020 - 12:06