Parkrådet

Rådets mandat  

Parkrådet  skal òg gi parkfaglege råd i forhold til drift, skjøtsel og utvikling av parken ved NMBU.

Medlemmane skal gi råd med utgangspunkt i sin respektive fagkompetanse og dei behov som finnes i forhold til tilrettelegging for undervisings- og forskingsverksemd i parken og skogen. Medlemmane i Parkrådet skal ha fagkompetanse som sikrar at dei kan oppfylla rådets mandat.   

 


Rådet sine oppgåver og arbeid

Parkrådet skal gi faglege råd om spørsmål som gjeld parkareal, skogsareal, vegnett og andre uteareal. Parkrådet behandlar spørsmål under møter og/eller befaring etter innkalling frå rådets sekretær. Rådets medlemmar kan melda inn saker til behandling. Parkrådet møtes etter behov. Referat og planer vert lagde ut på nettsida og vert tilgjengelege for alle gjennom arkivsystem (Public 360). 

 

Parkrådet er òg eit forum for utveksling av informasjon og kunnskap mellom dei institutta som brukar parken, skogsareala og uteareala i si undervising og forsking. Det er rådsmedlemmane sitt ansvar å ta vare på dette. 

Rådets utforming
Parkrådet består av fire (4) medlemmar. 
* Eit (1) medlem frå kvart av dei tri institutta ILP, IPV og INA (med respektiv landskapsarkitekturfagleg, plantefagleg og miljøfagleg kompetanse)
* Eit (1) studentmedlem frå representativt fagmiljø (med anten landskapsarkitekturfagleg, plantefagleg eller miljøfagleg kompetanse).  

NMBU stiller med koordinator og sekretær for rådet.  

Rådet sine møter er opne, tilsette og studentar kan komma på eiga initiativ eller verta kalla inn. Sekretæren kallar inn til møte, set saksliste og samlar råd og innspel frå rådet i eit referat som vert formidla til NMBUs leiing og prosjektleiarar.  

Medlemmene vert oppnemnde av rektor eller den han/ho gir fullmakt, etter forslag frå institutta / fakulteta. Medlemmene vert oppnemnde for fire (4) år om gongen. )

 


Parkrådet har for tida følgjande samansetting

Eva Vike, LANDSAM, plantefagmiljøet.

Annegreth Dietze-Schirdewahn, LANDSAM landskapsarkitektur/landskapsingeniør.

Kari Klanderud, MINA.

Studentmedlemmer: Lovisa Emilia Mokrosinski-Hoel og vara: Astrid Charlotte Sverresdatter Seeberg. Begge fra LANDSAM.

 

Parksjef Bjørn Anders Fredriksen er koordinator/sekretær i Parkrådet.

 

 

Frost ved Niagarafallene, UMB-parken
Frost ved Niagarafalla, NMBU-parken Foto: Kjersti Sørlie Rimer
Published 15. august 2014 - 14:19 - Updated 5. januar 2021 - 13:40