Miljørådet

  • Rektoratets El-bil. Også kalt "Frosken".
    Foto
    Håkon Sparre

For å gi fagleg grunna råd i høve utvikling og gjennomføring av universitetet sin miljøprofil vert eit råd oppnemnt. Det skal gi råd til miljøplan og miljøtiltak. Fagpersonane som vert oppnemnde representerer seg sjølve og fagkompetansen sin.

Miljørådet

Miljørådet for 2018 - 2021

Medlemmar til miljørådet for perioden 2018-2021:

  • Solve Sæbø (leiar)
  • Helen Kristine French
  • Fredrik Holth
  • Ole Jørgen Hanssen
  • Ståle Navrud
  • Sheri Lee Bastien
  • Studentrepresentant (byttast årvisst)

 Tor-Åge Diserud er som tidligare miljøkoordinator assosiert medlem for å få kontinuitet i arbeidet. Miljøkoordinator Lena Marie Kjøbli kallar inn til møta.

 Mandat miljørådet 2018-2021

 Bakgrunn

NMBUs viktigaste bidrag til betre miljø er gjennom utdanning av kandidatar, forsking, formidling og innovasjon. NMBU skal vera internasjonalt i forskingsfronten og utdanna kandidatar godt rusta til å bidra til ein bærekraftig framtid. NMBU vil belasta miljøet minst mogleg og miljøomsyn skal verta integrert i drift av virksemda. NMBU skal jobba for å verta klimanøytral og skapa positive miljøeffektar gjennom aktiv arealforvalting.

Rådets mandat

Miljørådet skal vera eit rådgivande organ som skal gi faglege råd åt NMBU i forhold til universitetets miljøprofil og -arbeid. Dei skal òg gi råd i forhold som gjeld langsiktige, overordna utvikling og planar, men òg for meir kortsiktige, konkrete tiltak. Miljørådet rapporterer til UAL to gongar i året.

Samansetting

Miljørådet består av fem (5) medlemmar som vert valde ut frå kompetanse og interesse for miljø i tillegg til ein studentrepresentant. NMBU har ansvaret for å stilla koordinator og sekretær for rådet. Rådet sine møte er opne, tilsette og studentar kan komma på eiga initiativ eller verta kalla inn. Miljøkoordinator kallar inn til møte, set saksliste og samlar råd og innspel frå rådet i eit referat som vert lagt ut på NMBUs miljøsider. Medlemmane vert oppnemnde av administrasjonsdirektør. Rådet møtest etter behov 2-4 gongar i året. Rådet konstituerer seg sjølv.

Published 25. juni 2014 - 9:00 - Updated 24. september 2020 - 11:16