Sommarblomar i NMBU sin park 2017

  • Sommerblomster på Tunet, NMBU 2017
    Foto
    Kjersti Sørlie Rimer

Ein forholdsvis solrik føresommar har teke godt imot sommarblomane. I juli kan dei sjåast som forsiktige fargeklattar mot grøne plenar. Park-avdelinga har tradisjon for å bruke forskjellige sommarblomar kvart år. Dette gjer det spennande å kome til NMBU-parken, også for dei som har vore der før.

2017

Ole August Zakariassen

Ole August Zakariassen

Foto
Kjersti Sørlie Rimer

Hausten 2016 fekk lærling Ole August Zakariassen oppdraget med å planleggje utval og samansetjing av planter til viftebedet og tunbedet. Oppgåva var ein del av læreplanen hans. På spørsmål om ikkje det var skummelt å få ei så synleg oppgåve, svarte han: «Nei, den oppgåva liker eg godt, det var og er berre morosamt». Hans svar passar godt til framtoningen hans. Ole August er ein roleg og stødig person.

Han klatrar sorglaus i trær og reinskjer alle slags greiner i store høgder. Truleg var det i toppen av eit tre at han fekk idéen om at fargeskalaene i sommarplantinga skulle handle om blått, lilla og purpur med variasjonar. I viftebeda er det nokon oransje/raude fargeklattar som stikk seg ut.

 

Ein av sommarvikarane braut inn under intervjuet; «alle vil sjå at tema for blomsteren til sommaren er «Treklatrern. Det er luftig, svevande, noko høgt og noko lågt.» Ole August smil skeivt, men ville ikkje stadfeste at han hadde eit spesielt tema for årets planting. Derimot stadfesta han at det er klassiske grep i formgiving at ein vel varierte formar, fargar og høgder for å skape det uttrykket ein vil ha.

Alle oppfordres til å ta en tur for å sjekke ut om de kan kjenne igjen «Treklatrern» i sommerbeplantning, eller ikke.


Tunbedet ved NMBU 2017

Tunbedet ved NMBU 2017

Foto
Kjersti Sørlie Rimer

På Tunet ville Ole August skape eit svevande inntrykk, han har plassert Kosmo i midten. Den skal vekse seg høy og vil blomstre med store lette blomster heile sommaren. For å bryte opp den strengje symmetrien rundt Tunet, sette han opp staur som erteblomster kan klatre i.


Fargepalett i Viftebed juli 2017

Fargepalett i Viftebed juli 2017

Foto
Kjersti Sørlie Rimer

I Viftebedene er blåfarge, lilla og purpur brukte i rikt monn. Det kjem til å bli veldig spennande å sjå plantene, fargane og meine utvikle seg gjennom sommaren.

Årets nykommer i sommerblomster 2017

Årets nykommer i sommerblomster 2017

Foto
Kjersti Sørlie Rimer

Kvart år testar parkavdelinga ut eit par nye planteslag, slik at dei lærer nye spennande artar å kjenne og får testa ut om dei veks godt på Ås. I år er det Emilia coccinea, ein fargeklatt med tynn stengel og små raudoransje ballar i toppen.

Ein lærlingperiode skal innehalde eitt breitt spekter av oppgåver, slik at alle deler av faget blir grundig gjennomgått. Dette betyr at praksis utanfor lærestaden er eit høve. Ole August ser på dokumentarseriar på Netflix, der dukka det opp eit program om godset Chatsworth http://www.peakdistrictinformation.com/visits/chatsworth.php. En perle av ein park som er like store som NMBU sin. Han sende ein epost til godset, fekk svar og fylkeskommunen ordna resten. Ole August drog til England og jobba i den fantastiske parken til Hertugen og Hertuginnen av Devonshire i ein månad våren 2017. Ole August har stjerner i auga når han fortel om opphaldet der. Han har på seg ei T-skjorte frå godset og den blir boren med ærefrykt, det er heilt tydeleg.

Ole August Zakariassen steller med sommerblomster 2017

Ole August Zakariassen steller med sommerblomster 2017

Foto
Kjersti Sørlie Rimer

Ole August tok lærlingeprøven sin i juni og bestod med glans, og dermed har NMBU utdanna nok ein anleggsgartnar. Ole August har i perioden som lærling fokusert på grøne areal og trivst best med å arbeide med grønt framfor grå (stein, gruse,plassar, veg osv.). Han titulerer seg sjølv som gartnar. Han skal jobbe nokon månader til ved NMBU og vil kunne følgje utviklinga i viftebeda og tunbedet. Deretter må han ut å finne nye oppgåver som han kan ta fatt på.

Samansetjinga av blomane i årets krukker er komponerte av Anna Bjørkdahl, ho blei anleggsgartnar i fjor etter vel gjennomførd tid som lærling ved NMBU

 

Filip Ihrsen har følgt med, rettleidd og godkjent det heile.

Oversikt over planter i sommarblomstringa i NMBU-parken 2017

Planteval i Tunbedet

Brachyscome outback ‘Mauve Delight’

Brachyscome mohave ‘Snow White’

Pennisetum villosum

Gaura lindheimeri

Salvia patens ‘Cambridge’

Cosmos bipinnatus sonata ‘Pink’

Cosmos bipinnatus sonata ‘White’

Cosmos bipinnatus sonata ‘Pink Blush’

Lathyrus odor. mammoth ‘Salmon Cream’

Lathyrus odor. mammoth ‘White’

Erteblomster klare til å klatre i Tunbedet i 2017

Erteblomster klare til å klatre i Tunbedet i 2017

Foto
Kjersti Sørlie Rimer



Planteval i Viftebedet

Salvia viridis

Nicotiana perfume `Deep Purple`

Lobelia erinus pendula ‘Saphir’

Alternanthera ‘Purple knight’

Salvia farinacea ‘Victoria’

Perilla frutescens var. Crispa

Emilia coccinea

Rudbeckia hirta ‘Cherry Brandy’

Lagurus ovatus

Orlaya grandiflora

Verbena bonariensis

Nicotiana langsdorfii ‘Tinkerbell’

Nicotiana langsdorfii ‘Lemon Tree’

Nicotiana perfume ‘Lime’

Nicotiana langsdorfii ‘Only the lonely’

Anethum graveolens

Hordeum jubatum

Helianthus annuus `Claret`

Amaranthus cruentus ‘Oeschberg’

Viftebed juli 2017, NMBU

Viftebed juli 2017, NMBU

Foto
Kjersti Sørlie Rimer

Planteval i sommerkrukkene

Sommerkrukke ved Cirkus 2017

Sommerkrukke ved Cirkus 2017

Foto
Kjersti Sørlie Rimer

Krukker plassert i sol

Anethun graveolens

Pennisetumvillosum

Salvia farinacea `Victoria`

Margerit

Antirrhinum `Sonnet Yellow`

Verbena rigida Polaris

Calibrachoa Minifamous `Double Apricot`

Helichrysum petiolare `Silver Leaf`

Ageratum `Tycoon Blue`

Heliotrop `Marine`

Krukker plassert i skugge

Nicotiana langsdorffii `Lime`

Tagetes `Vanilla`

Coleus wizard `Scarlet`

Calibrachoa Minifamous `Double Dark Red`

Helichrysum petiolare `Lime`

Foran Urbygningen

Pennisetum villosum

Cosmos bipinnatus sonata ‘White’

Orlaya grandiflora

Rudbeckia hirta ‘Cherry Brandy’

Emilia coccinea

Lagurus ovatus

Antirrhinum sonata `White`

Ved speilbed

Helichrysum pet `Silver Mist`

Nicotiana langsdorfii ‘Tinkerbell’

Salvia farinacea ‘Victoria’

Lagurus ovatus

Orlaya grandiflora

Daucus carota `Dara`

Pennisetum glaucum `Purple Majesty`

Sommerkrukke ved Andedammen 2017

Sommerkrukke ved Andedammen 2017

Foto
Kjersti Sørlie Rimer
Published 10. juli 2017 - 12:33 - Updated 6. mars 2018 - 20:39

Sommerbeplantninger i parken på Campus Ås

Foto
Kjersti Sørlie Rimer

Billeder og beskrivelser.