Studentane legg brusteinsrenner utanfor Cirkus

Av Kjersti Sørlie Rimer

Studenter studerer utført arbeid i emnet LAA115, utenfor Cirkus 2021
Studenter studerer utført arbeid i emnet LAA115, utenfor Cirkus 2021.Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I dei siste åra vore har det vore vanleg at studentar ved LANDSAM har eit praktisk prosjekt i parken. Dette er ein del av emnet LAA115 Introduksjon til profesjonsstudiet som er eit felles emne for 1. års landskapsingeniør-, og landskapsarkitektstudentar. Prosjektet skal gje studentane ein første introduksjon til å utføra eit bygge- og anleggsprosjekt, dei skal læra om og kjenna på handverket, krav til kvalitet, ulike arbeidsoperasjonar, anleggstekniske fagord og uttrykk og så vidare.  

I 2021 er dette prosjektet knytt til uteområdet ved vestfasaden på Cirkus. Frode Degvold er ansvarleg for emnet og Ragna Berg er prosjektkoordinator på vegne av LANDSAM. Dei to har, saman med parksjef Bjørn Anders Fredriksen, landskapsarkitekt Joel Hördin og gartnarar frå eigedomsavdelinga, planlagt og gjennomført dette samarbeidsprosjektet.

Kort historikk

Cirkus sto ferdig da den høiere Landbrugsskole åpna i 1859 og var frå starten hovudbygningen på tunet. Den gongen var det ingen utgang frå Cirkus mot hagen i vest, men det var eit prydanlegg i symmetrisk stil på vestsida også på 1800-tallet. Da Cirkus vart bygd om i 1900 fekk bygget alle dekordetaljane det har i dag, ein ekstra etasje og tilbygg i kvar ende. Ei viktig nyheit var inngangen frå vest. Den vart etablert som ein ny hovudinngang med granittrapp, presentable søyler og med veranda over. Det er ganske sannsynleg at det var her skulens gjester steig av vogna og vart teken imot av direktør Hirsch, som hadde direktørleilegheita si i Cirkus.

Dagens parksjef Bjørn Anders Fredriksen kan fortelja at Hans Mikal Misvær leida undervisinga i ‘Anlægsgartneri’ som blant anna omfatta å teikna hagar. Det var Misvær som teikna omlegginga av tunet med tunplena og bed slik vi kjenner det i dag, og det var nok også Misvær som leida opparbeidinga av vestsida av Cirkus. Hans utforming vart teken vare på i Olav Leif Moens tid. Vesentlege trekk ved Misværs plan er langstrakte plenflater med bua avsluttingar, og ein liten grusplass i tilknytting til inngangspartiet.

Restaurering av uteområde ved vestfasaden

– Misvær si utforming er mal for restaureringa som vert gjort i 2021, basert på historiske kart og gamle bilder. Det nye som er lagt til, er dei åpne vassrennene, som på ein enkel og logisk måte vert innordna i det historiske anlegget, seier Bjørn Anders Fredriksen og legg til at som arkitekt Ole Sverre, har vi late oss inspirera av renessansens Italia. Dei italienske hagane hadde vatn og vassrenner i alle variantar.

Studentprosjektet

Prosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom LANDSAM og eigedomsavdelinga. Prosjektet tek for seg alle sidene av Cirkus, men studentane har berre vore med på vestsida.

Studentane har måtta setja seg inn i HMS, val og bruk av stein, betong, drenering, settelag, berelag, forsterkingslag, hallingsvinklar, reglar og system for handtering av overflatevatn, gravemeldingar, kabelpåvising, Norske standardar, innhenting av historiske fakta og vernereglar.

Dei har måtta handtera storgatestein og kantstein i prosjektet. Storgatesteinen skal leggast rett og skråstilt og det må tenkast, avrettast og planleggast nøye for å få dette til å ligga pent, slik det skal og for at det skal kunne ivareta den funksjonen det skal ha.

Ekstern entreprenør (Uteanlegg) har vore leigd inn og gjort det meste av grunnarbeidet og steinarbeidet. 

Det er lagt ned litt arbeid for å finna den gamle planteplana, og Georginer, Søyleepletre, buksbom («Bergmannen») og ferdiggras er kjøpt inn og planta ut. Til eigedomsdirektørens lette fekk den eine Blåregna (planta i 2005) stå, sjølv om den ikkje er ein del av opphaveleg plan. Det same gjeld det flotte morbærtreet som vart planta i 1983. B. A. Fredriksen smiler og seier at kvitmorbær eller Morus alba står praktfullt med fine blad, sidan vi ikkje er plaga med silkeormlarver her på campus. Silkeormlarver lever nemleg av morbærblad. Treet har også små søte bringebærliknande frukter på ettersommaren.

Publisert - Oppdatert

Del på