Rekonstruksjon av Hirschtrappa

Av Kjersti Sørlie Rimer

Hirschtrappen sommer 2017
Hirschtrappen sommer 2017Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I 2015-2016 vart Urbygninga totalrehabilitert. I samband med dette vart det freda parkanlegget framom Urbygninga oppgradert. Det største og mest synlege tiltaket var rekonstruksjon av Hirschtrappa.

Hirschtrappa er eit viktig element i parkkomposisjonen rundt Storplena, for å kunna oppleva parken slik den var planlagd med aksar, sikt­linjer og romforløp må trappa vera der. Trappa har fått namn etter høgskuledirektør Hirsch. Statuen av Johan L. Hirsch er plassert i anlegget si midtlinje, rett ved trappa.

Det opphavelege trappeanlegget vart bygd i 1920-åra. Anlegget består av fire mindre trapper og ei større hovedtrapp med fire løp. Mellom hovedtrappa og dei mindre trappene kan ein spasera på gangstiar og nyte synet av det vakre parkområdet og dei ærverdige bygningane.

Den opphavelege trappa var dårleg teknisk utført og delar av trappa raste ut på 1960-talet. Den vart reve og erstatta av ei graskledd skråning. Ei hagearkeologisk under­søking vart gjennomført i 2015. Saman med ei masteroppgåve frå 2013 om rekonstruksjon av trappa og utfyllande arkivundersøkingar, var det hausten 2015 samla nok kunnskap til at ein rekonstruksjon var fagleg forsvarleg og prosjektet kunne godkjennast av Riksantikvaren. Særleg var den arkeologiske undersøkinga viktig for å finna den nøyaktige plasseringa av murane og trappa.

Ein rettar ein stor takk til landskapsarkitekturmiljøet og til Henrik Høye Nygaard som valte å fokusera på denne oppgåva, da han var student. Det er viktig for universitetet at ei av masteroppgåvene er bruka til eit så viktig og konkret tiltak. Samtidig må ein prisa parkavdelinga som vert leida av Bjørn Anders Fredriksen for ei god prosjektering, prioritering, planlegging og gjennomføring av eit omfattande og komplisert prosjekt.

Den rekonstruerte trappa er oppført i betong med liggande forskaling. Rekkverkea er laga i malmfuru og oljebeisea med linolje og pigment etter oppskrift frå 1920-åra. Hirschtrappas vangar og murer er slemma i ein teglraud farge tilsvarande den dei arkeologiske funna påviste. Nedafor trappa er det opparbeida ein grusplass ved Speildammen. Sørover er ein brei hellegang langs Storeplena tilbakeført med raudleg Ringeriksskifer og grasfuger mellom hellene.

På sidene av trappa er det planta ei gruppe med hestekastanje. Tre eldre hestekastanjar måtte fellast for å kunna rekonstruera trappa. Dei sto for nær byggegropa. To gamle trollhaslar vart bevart gjennom anleggsperioden. Ein opphaveleg tujahekk, som hadde komen ut av proporsjonar, vart fornya med stiklingar for gjeninnplanting.

Framom trappeanlegget er det planta klatreroser og stauder. Enkelte av roseslaga er vald fordi det er kjent at dei sto der frå førsten av. Eksempel på dette er «New Dawn».  I tillegg er det planta klatreroser som er relevante i undervisinga ved universitetet.

Det nye anlegget vart mykje bruka den første sommaren. Det er vorte pauseplass, matpakkeplass, leseplass, venteplass og fotograferingspunkt. I 2017 vart området bruka til immatrikuleringsseremoni og ein kan håpa på at det er starten på ein tradisjon.

Det er svært gledeleg at den freda Universitets­parken på Ås har fått tilbake eit av sine praktstykke. Parkområdet og anlegget er til glede for besøkande, turgåarar, studentar, tilsette og ikkje minst for NMBUs fagmiljø for historiske hagar.

Hirschtrappen før den ble revet
Hirschtrappen før den ble revet, Foto antagelig fra 1930-tallet Foto: ukjent

Publisert - Oppdatert

Del på