Fakta og anekdoter om parkanlegget

Bøk i parken, Ås 2008
Bøk i parken, Ås 2008Foto: Kjersti Sørlie Rimer

NMBU er Noregs minste universitet, men har eit av dei største og vakraste parkanlegga. Dette heng saman med fokuset på nasjonsbygging da Den Høiere Landbruksskole på Ås vart anlagt og institusjonen sin tradisjon innan hagekunsthistorie og hagebruk.

Finn alle plantene på Garden Explorer NMBU

Mennene attom anlegget

Bergstrøm underviste i hagekunst frå 1880-åra, han teikna og laga tun og hage kring Tunbygningene og Svanedammen. I den store utbygginga kring 1900 tok Misvær over etter Bergstrøm, han utvida parkanlegget og laga romantiske anlegg mellom Tunbygningene. I 1920 vart Tårnbygninga teke til på og Olav Leif Moen tok over arbeidet med parken.  Han hadde vore elev av Misvær og hadde utdanning frå NLH og utanlandske skular. Han vart tilsett som dosent for hagebruksutdanninga og var parksjef i tillegg. I den tida var det tette band mellom parkdrifta og hagebruksutdanninga.

Svanedammen 2008
Svanedammen 2008 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Aksar, liner og hemmelege rom i parkanlegget

Moen la opp til stramme aksar og sikteliner. Desse ser ein tydeleg i området mellom Cirkus, Tårn og Ur. Siktelina frå Tårnbygget til pipa ved Senter for klimaregulert planteforsking er ei line som blomstrar kvar vår.

Tårnet i Tårnbygningen sett i siktlinjen fra Senter for Klimaregulert planteforskning
Tårnet i Tårnbygningen sett i siktlinjen fra Senter for Klimaregulert planteforskning Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Moen var ein meister til å laga overraskande rom eller småhagar i parkanlegget. Alle bør ta ein tur for å leita etter desse. Eit halvsirkelforma «klasserom» i bøkeskogen sør for Tårnbygget er eit eksempel.

Moen vidareførte forgjengaren sin idé om parkanlegget som folkepark. Det var, og er, ei gåve åt Ås si befolkning, tilsette, studentar og besøkjande. Det vert arrangert parkvandringar med jamne mellomrom, ta del i desse for å verta godt kjend i parken.

Kva er vorte borte i løpet av dei 150 åra som har gått?

Fleire trapper og hellelagde trapper i området rundt og på storplena er tekne vekk, fordi dei vart forkomne og til slutt øydelagde. Frå 2015 og fram til 2020 er området tilbakeført og etablert på nytt.

I ein park vil alltid nokre tre måtte takast ned og nye verta planta. Dette gjev ein levande park. Dette felles og plantas nye tre kvart år.

NMBU Ås Campus
NMBU Ås Campus Foto: Gisle Bjørneby

Tuntréet vart planta i 1864, det var da fem år gamalt. Tuntreet, som er ei lind, var altså 150 år i 2009. Det er ein høg alder til å vera norsk lind. Tuntréet har vore utsett for fleire lynnedslag. Det vart i ein periode vurdert å fjerna det, men ein valde store støttestag på toppen. Desse er framleis på plass i krona.

"Universitetslunden" - Nytt alternativt tuntre vart planta i 2005, da Noregs landbrukshøgskule (NLH) vart universitet. Dette er sju raude lønetre (blodlønn) som er planta i ein ring. Dei skal verta friserte slik at dei etter kvart veks saman og får ei felles krone. Kronprins Håkon Magnus avduka «Universitetslunden», som er teikna av professor Karsten Jørgensen (ILP).

Eit av parken sine høgaste nåletre er ein Kystdouglas, Pseudotsùga menziesii planta cirka 1880. (Pinàceae).


Åpen overvannshåndtering

Niagarafalla har fått namn etter verdas største fossefall fordi det er verdas minste fossefall. Den delen av parken, som strekk seg frå Andedammen ned mot Jordafagsbygningen og Urbygningen, er teikna av Moen og vart til rundt 1940.
Rundt 2020 blei vannføringa åpne i større grad enn tidligere. Man kan følgje vatnet frå Andedammen ned til Veterinærbygningen.

Niagarafallene, 2009
Niagarafallene, 2009 Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Andedammen eller Svanedammen?

På gamle kart vert han namngjeve som Svanedammen. På folkemunne vert han kalla Andedammen. Offisielt heiter han Svanedammen.

Svanedammen 2009 (På folkemunne kalles den Andedammen)
Svanedammen 2009 (På folkemunne kalles den Andedammen) Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Dei raude benkane framom Urbygninga er teikna av Olav Leif Moen. Dei vart bygde på ein snikkarverkstad i Sverige og plassert i parkanlegget i 2008.

Gamle vegar: NMBU har vegar frå slutten av 1700-talet på området. Den bratte bakken frå KA-bygget opp til kyrkjealléen er ein del av den Fredrikshaldske kongevegen.

Stoltenbergalléen: Prost Stoltenberg ga i 1780 ordre om at det skulle verta etablert ein allé i denne bakken. Prost Stoltenberg var tipp -tipp-tippoldefar åt tidlegare statsminister Jens Stoltenberg og Camilla Stoltenberg, direktør ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Bjørn Anders Fredriksen, som har doktorgrad på parken ved NMBU, og var parksjef i perioden 2015 til 2022, sørga for at Alléen i Åsbakken vart supplert av nye tre i 2016 og 2017. Da vart samtidig vegtraséen nedover til Urbygninga lagt om slik at det kunne plantast allé heilt fram til Urbygninga. Denne delen av alléen vart fjerna da Isotopen vart bygd på 1960-talet. Opphaveleg førte alléen ned til Falsens tun på Vollebekk der Falsenstøtta står i dag.

Falsenstøtta:

Den Høiere Landbruksskole på Ås vart opphaveleg anlagt på statlege gardar. Ein sorenskrivargard og ein prestegard. Christian Magnus Falsen var sorenskrivar og budde på den eine garden. Det var her han skreiv ned forslag til grunnlov i 1814. I 1864 vart det, i nærheita av garden, reist ei støtte med eit lite parkanlegg rundt. Eit anlegg som ikkje var ein del av skulen sitt parkanlegg.

Studenttradisjonar 

Måling av huset i Svanedammen er av etter måten av nyare dato.

Dei opphavelege bataljane starta av di den eksklusive studentforeining: «Foreningen til emigrasjonens fremme» årvisst prøvde å emigrera til øya, mens «Hannkattene» av ukjende årsaker prøvde å stoppa dei. I dag er det sistnemnde foreining som emigrerer.

Kurt Stilles minneløp

Songkoret Lærken arrangerer årvisst Kurt Stilles minneløp» på skøyter. Kurt Stille er Danmarks einaste skeiseløpar gjennom tidene. Han tok til som ein populær turløpar, men vart ein internasjonalt sterk langdistanseløpar. Han er i dag ein særs dyktig turløpar på ski. Han plar alltid vera til stades under arrangementet.

Publisert - Oppdatert

Del på