Disksport er idrettar der ein brukar ei sendeplate (disk). Den største grena er diskgolf. Disksport er generelt ein lågkostsport kor det er enkelt å komma i gang for liten og stor. Nokre grener er basert på lagspel, mens andre er for enkeltutøvarar.
I dei siste åra vore har det vore vanleg at studentar ved LANDSAM har eit praktisk prosjekt i parken. Dette er ein del av emnet LAA115 Introduksjon til profesjonsstudiet som er eit felles emne for 1. års landskapsingeniør-, og landskapsarkitektstudentar ved ILA. Prosjektet skal gje studentane ein første introduksjon til å utføra eit bygge- og anleggsprosjekt, dei skal læra om og kjenna på handverket, krav åt kvalitet, ulike arbeidsoperasjonar, anleggstekniske fagord og uttrykk og så vidare.
Hovedtrekka ved parken slik han står fram i dag er eit resultat av dosent Olav L. Moens planer frå om lag 1924. Parken er eit av dei største og mest gjennomførte nyklassisistiske anlegg i Noreg.
I hjarta av Follo ligg Noregs miljø- og biovitskapelege universitet, NMBU, med ein fantastisk park og eit unikt bygningsmiljø. Området er oppe for publikum heile året.
I 2015-2016 vart Urbygninga totalrehabilitert. I samband med dette vart det freda parkanlegget framom Urbygninga oppgradert. Det største og mest synlege tiltaket var rekonstruksjon av Hirschtrappa.
I høve restaureringa av uteområde ved Tårn vart det kjøpt inn franske Cafémøblar. Møblane vart populære og det er allereie kjøpt inn nokre fleire bord og stolar.
NMBU er Noregs minste universitet, men har eit av dei største og vakraste parkanlegga. Dette heng saman med fokuset på nasjonsbygging da Den Høiere Landbruksskole på Ås vart anlagt og institusjonen sin tradisjon innan hagekunsthistorie og hagebruk.