Første doktor i hagekunsthistorie

Fredag 13/10 2006 disputerte Annegreth Dietze- Schirdewahn til Noregs første doktorgrad i hagekunsthistorie. Hagekunsten i Noreg mellom 1750 og 1850 er utgangspunkt for Dietze - Schirdewahns avhandling.

LANDSAM (Institutt for landskapsplanlegging) har lange tradisjonar med hagekunst og er einaste norske institusjon med student- og etterutdanningskurs på området. Den første doktoravhandlinga i hagekunsthistorie har tittelen:

Garden art and the Bourgeoisie 1750-1850 Social, political and economical aspects of garden art in the south of Norway with a focus on plant import

Annegreth Dietze- Schirdewahn disputerte fredag 13/10 2006 med prøveførelesing og forsvar av avhandlinga. Medlem av vurderingskomitéen var professor Anne Katrine Geelmuyden frå NMBU, og opponentar dei kjende internasjonale kapasitetane professor Erik de Jong frå universitetet i Wageningen (Nederland) og professor Gert Gröning frå Universität der Künste (Berlin).

Litt om avhandlinga

Dietze - Schirdewahns avhandling analyserer cirka 20 hageanlegg i Sør-Noreg, diskuterer eigarane sin motivasjon for å oppretta desse og fokuserer på plantebruken. Hagane var ein del av den borgarlege kulturen ein finn i Noreg i tida mellom 1750 og 1850.

Politiske omveltingar og handelskontaktar fann sitt uttrykk i norske hageanlegg frå denne perioden. Avhandlinga undersøkjer mellom anna kontaktar med tyske, hollandske, engelske, danske og svenske planteskular og påverkinga frå andre internasjonale kontaktar på norsk hagekunst.

Plantene demonstrerte eigarane sin velstand, kunnskap og danning, og vart med det viktige for å visa status og identitet overfor venner, familie og handelspartnarar.

Det viser seg at plantebruken på denne tida har vore mykje meir variert enn det vi kjenner i Noreg i dag. Er det kanskje mogleg å bruka historia som inspirasjon for dagens landskapsarkitektur?

Målet med avhandlinga er å dokumentera ein interessant del av norsk kulturhistorie òg å bidra med erfaringar frå historia til dagens landskapsarkitektur.

Portrett Annegreth Dietze
Portrett Annegreth Dietze Foto: Annegreth Dietze

Publisert - Oppdatert

Del på