Øvrige murbygningar av Ole Sverre

Av Kjersti Sørlie Rimer

Meiermuseet fra den tiden det ble påbygd
Meiermuseet frå den tida det vart påbygd.Foto: henta frå NMBU sitt biletedarkiv

Ole Sverre teikna også fleire mindre bygningar og skur for høgskulen. Av desse er det tre bygninger som fortsatt står, heilt eller delvis. Det er Drivhuskomplekset, Fruktanvendelseshuset/ Fruktbruksområdehuset og Meieribygningen.

Drivhuskomplekset (1899)

Drivhusa vart lagt i den nordlege enden av frukthagen, ikkje så langt frå Gartnarboligen. Det var eit romsleg område kor det var mogleg å utvida dersom undervisinga skulle krevja det. Drivhuskomplekset var delt i åtte avdelingar i tillegg til eit stort arbeidslokale i midten. Til saman var det cirka 500 kvadratmeter golvflate.

Drivhuskomplekset fra tidlig 1900, campus Ås
Drivhuskomplekset tegna av Ole Sverre, tidleg 1900. Foto: ukjent

Veksthuset fekk sin eigen karakter i forhold til høgskuleanlegget elles. Pulttaket var funksjonelt betinga og gjorde det nødvendig å avvika frå dei halvvalma saltaka rundt.

Rammene rundt vindua var ein annan og sprossene var av jarn. Dette vart gjort fordi dei rekna med stor luftfuktigheit i romma. Eit anna tydeleg avvikande trekk var at veggane vart pussa og måla kvite.

Det meste av veksthuskomplekset er reve i dag og Senter for klimaregulert planteforsking (SKP) sine lokaler er bygd opp på staden. Berre eit av dei gamle drivhusa står.

Fruktanvendelseshuset/Bruksområdehuset (1901)

”Fruktanvendelse/ Bruksområdehuset” vart i 1903 definert av hagebruksavdelinga sin styrar og lærar H. Misvær;
”Fruktanvendelse er preparering av frukten, slik at den kan oppbevares i lengre tid enten i frisk tilstand eller syltet, tørket eller også omarbeidet til vin, saft, marmelade, gelé osv.”

Fruktkonserveringen, tidlig 1900
Fruktkonserveringen, tegnet av Ole Sverre, tidlig 1900. Foto: ukjent

Det er eit mursteinshus, 16 meter langt og 9 meter breitt. Det er to arbeidsrom og eit oppbevaringsrom i første etasje. Over det lille arbeidsrommet er det loft. I saftpressingsrommet er det høgt under taket. Her er det vindu i gavlen og bevegelege vindu i taket. Her skulle damp frå safting verta slept ut. Bygningen har halvvalma tak som dei andre mursteinsbygningane i anlegget. Taket har tegltekking, rammene krig vindauga liknar dei andre bygningane, grunnmuren er i raudleg granitt og det er pussband i overgang grunnmur og teglvegg. Bygningen gleid godt inn i bygningsmassen elles i høgskoleanlegget.

Meieribygningen (1900)

I 1900 skulle meieriundervisinga settast i gang. Då var det nødvendig med eit meieri kor ein kunne øva seg i høve meierilæra. Grunnplana for eit nytt meieri vart levert av meieriinspektør Benterud og arbeidsteikningar vart utført av arkitekt Sverre.

Meieribygningen, tidlig 1900
Meieribygningen tegna av Ole Sverre, tidlig 1900. Foto: ukjent

Bygninga inneheldt eit moderne meieri med:

  • Mjølkemottaking med mjølkevekt og samlekar
  • Butikk
  • Separeringsrom med to seperatorar, forvarme- og pasteuriseringsapparat, kjølar for fløyte, kjerne og så bortetter
  • Avkjølingsrom med kjølar for skumma mjølk og tre mura og sementerte kjølekummar med plass for samtidig avkjøling av 2000 liter mjølk
  • Smørrom med eltemaskin, fløytetønne, eltebrett og kjølekasse
  • Motorrom
  • Ysteri med eit amerikansk og eit rundt ystekar og ostepresse
  • Ostekammer
  • I kjellaren var det vaskeinnretningar og primrører, dampkjel og mysepanne.



I andre etasje var det opphaldsrom og værelser for kvinnelege lærlingar og elevar ved høgskulen. I arbeidsromma er veggane kledde med murpuss, i butikk og kjølerom er dei kledde med hvite fayansefliser i brysthøgde. Golva er dels pussa sement og dels belagt med leirfliser og asfalt. Vindauga er av tre og skorsteinen for dampmaskina er bygd heilt utanfor bygningen. Den var 19 meter høg.

Bygningen vart lagt i krysset mellom riksveg 152 (den gong Drøbakchausseen) og bygdevegen sørfrå til Ås kyrkje. Den bestod av to fløyer i rett vinkel med kvarandre. Takforma er den same som i dei store institusjonsbygningane, men tekkinga var den gong av glaserte krumme takpanner i tegl. Valmtoppar og spir manglar.

Fasaden er i pølsefuga murverk av teglstein i blokkforband, med eit pussa band mellom grunnmur og teglvegg. To av dei oppmura ringane for oppbinding av hestar er fortsett på plass. Fasadedetaljene og spesielt  utforminga av vindauga knytter meieriet til Cirkus og Urbygningen. Bygningen vart bygd på med ein nordfløy noko seinare. Dette ga bygningen eit meir monumentalt preg, sidan den vart symmetrisk om ein midtrisalitt. 

Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Norges landbrukshøgskole tegnet av Ole Sverre” skreve av Erik Aas jr. i 1996.

Publisert - Oppdatert

Del på