Urbygningen 1901

Av Kjersti Sørlie Rimer

Refleksjon av Urbygningen 2014
Refleksjon av Urbygningen 2014Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Urbygningen ligg med hovudfasaden mot Riksvegen. Den sto ferdig i 1901 og var da den nye undervisingsbygningen.

Urbygningen er ein aust-vest orientert blokk i tre etasjar, med halvvalma tak. Ho har tre symmetrisk stilte utbygg (risalittar) mot sør og tre tilsvarande fløyer mot nord. I langfasaden er framstikkene godt synlege. I kortfasadane er dette meir tilslørt. Kortveggen framstår som ein tverrfasade med midtrisalitt, ikkje ulik kortveggene på Cirkus. Dette er sannsynlegvis gjort for å tilpassa Urbygningen til den eksisterande bygningsmassen.

Urbygningen vart totalrenovert i 2015-2016.

Urbygningen 2007
Urbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Valg av tomt

Urbygningen var den første av høgskulebygningane som vart reist som nybygg i Ole Sverres tid. Plassering av bygningen var derfor gjenstand for diskusjonar. Grunnforhold og behovet for tilfredsstillande trykk i vassleidningar var praktiske forhold som måtte vurderast, mens tilpassing til den eksisterande bygningsmassen og front og innkøyring mot Drøbak Chausseen (riksveg 152) var tungtvegande estetiske grunnar når tomta vart vald.

Installasjonar

Dei relativt nye og uvante krava til el- og vassforsyning, sentraloppvarming, ventilasjon og brannsikring var ei spesiell utfordring for prosjekteringa. Det vart først skissert at kjelar og maskiner for elektrisitet og sentralfyringa skulle settast i eit eiga hus.  På grunn av auka kostnadar ved ytterlegare husbygging, vart det bestemt at maskineriet skulle liggja i kjellaren under midtfløya i Urbygningem. Vassklosett vart derimot ikkje installert. Utedoløysninga vart med vidare og ein privetbygning nordaust for Urbygningen vart reist i 1902-1903. Bygningen var i mur og inneheldt fem klosettrom og pissoar. Fasade og tak hadde same stil som dei andre murbygningane. Huset som romma utedoen fekk seinare populærnamnet ”Tårnet”, på grunn av utsjånaden. Bygningen vart reve i 1960-åra. Da var vassklosett for lengst på plass i dei større bygningane.

Bygningen sine funksjonar og maskineri


Bygningen sine opphavelege funksjonar kan sjåast av  rominndeling Urbygningen, 1900. 

Urbygningen har ei grunnflate på 1600 kvadratmeter og inneheldt opphaveleg 63 rom. Den er 70 meter lang, 32 meter breid på midtfløya og 25 meter breid på endefløyene. Bygningen har tre etasjar i tillegg til kjellaren og platået på taket vart bruka til undervising i geodesi, ved innsikting og kontroll av instrument. 

Ein var stolt av maskineriet og dei tekniske installasjonane. Høgskulen hadde no ein ”kraftstasjon” som ga lys til heile anstalten, inntil 800 ”sekstenslys” glødelamper og kraft til drift av jordbrukets maskiner. Den hadde også eiga akkumulatorbatteri. ”Kraftstasjonen” vart driven av to vassrørdampkjelar, kvar med 80 kvadratmeter heteflate og to dampmaskiner á 50 hestekrefter.

Fyrrom i Urbygningen
Fyrrommet i Urbygningen. Foto: Henta frå NMBU sitt biletearkiv

Spilldampen vart bruka til oppvarming av Urbygningen. Ventilasjonskanalar var lagt rundt heile bygningen og inn i dei romma som trengte stor luftutveksling. Kald luft vart varma opp i eit varmekammer på loftet, for deretter å verta blanda med kald luft til ein passe temperatur og spreidd ut i bygningen ved hjelp av ei elektrisk vifte. I romma kor det ikkje var behov for sterk utlufting vart det berre bruka friskluftsventilar. 

Vassforsyninga var ei utfordring da dampkjelane og laboratoria kunne bruka opp til 50 kubikkmeter per dag. Så mykje vatn var ikkje tilgjengeleg til ei kvar tid. Det vart derfor ordna slik at kondensvatnet frå varmeleidninga vart samla opp, reinsa og bruka på nytt. Det same skjedde med alt vatnet som vart brukt i destillasjonsapparat i laboratoria, til vakumpumper og liknande. Vatntilgangen vart auka med at det vart bygd ein ny vatnkum i den sydvestre kant av Kajaskogen. (Bak Kommandanten).

Det syntes fra Pipen at kraftstasjonen var i gang, Urbygningen tidlig 1900
Det syntes frå pipa at kraftstasjonen var i gang, Urbygningen tidleg 1900. Foto: henta frå NMBU sitt biletearkiv

I tilfelle brann, vart det i alle tre etasjane montert brannkranar på hovudtilførselsrøret. Urbygningen med sine tekniske innretningar sto fram som særs moderne da ho sto ferdig.

Frå 1907 starta ein forhandlingar med Glommen Tresliperi for å få overført meir kraft frå dei, men først i 1915 lykkast det seks Follo-kommunar å få overført energi via Skiseng. I 1917 vart det innført vekselstraum, og anlegget i Urbygningen vart nedlagt. Dampkjelane vart erstatta av seks lågtrykkskjelar som sto for oppvarming av bygget.

Urbygningen
Urbygningen. Foto: Henta frå NLH 1859-1909

Taket

Det store talet av fløyer og risalittar i varierande breidder, i tillegg til krav om same takvinkel, fører til ein svært komplisert takflate. Forholda vert ekstra kompliserte ved at midtre nordfløy (festsalfløyen) har avvikande høgde.

Takløysninga er innfløkt, men gir bygningen ein mjuk glidande øvre kontur. Dette vart rundt 1900 understreka av dei små, bua ark-oppbygga og dei svungne spira på valmtoppen. I seinare tid er spira fjerna og ventilasjonskanalar har kome til. Dette tek vekk noko av den mjuke takforma. 

Interiør

Planløysinga i Urbygningen er ei vidareføring av Cirkus. Romma ligg mot ein midtkorridor med hovudtilkomst via trapperom i ein tverrgåande midtfløy og med bitilkomstar i sidefløyene.  Konstruksjonssystema er det same som i Cirkus, Tivoli og Økonomibygningen. Dette gjeld også materiala som er bruka, med eit par unntak.

Kontoret til en kjemiprofessor i Urbygningen
Kontoret til ein kjemiprofessor i Urbygningen. Foto: henta frå biletearkiv


Eit av laboratoria i Urbygningen. Foto: arkivet

Fasadedetaljar

Teglsteinen i fasadane er lysare, glattare, jamnare og av ein openberr betre kvalitet enn dei tidlegare bygningane. Fuginga er glatt og ikkje av pølsetypen.  

Teglstein Urbygningen 2007
Teglstein på Urbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Forbandet er i koppar. Sokkeletasjen har veggar i betong som utvendig er forblenda med fint tilhogd raudleg granitt (nordmarkitt). Den relativt høge sokkeletasjen vert gjennom dette ein meir framtredande del av fasaden enn i dei tidlegare bygningane. I overgangen mellom sokkel og murverk er det ikkje pussband, men ein kantprofil i sokkelens materiale.

Pussdekordetaljane frå Cirkus vert gjenteke i Urbygningen sin fasade, men er vidareutvikla og forfina. To horisontale pussband er gjennomgåande i alle fasadane. Det eine er i form av ein lett framspringande gesims i brystningshøgde i 2. etasje. Det andre er eit flatt band i skiljet mellom 3. etasje og loftet. I sørfasaden sine risalittar er det i tillegg eit band i 1. etasjes brystningshøyde. Banda bidreg til å dela opp fasaden i mindre symmetriske felt. 

Puss under raft, Urbygningen 2007
Puss under raft, Urbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer
Groteskmaske over vindu, Urbygningen 2007
Groteskmaske over vindu, Urbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Muranker på sørfasaden til Urbygningen 2007
Muranker på sørfasaden til Urbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Loftveggane er under rafta utforma som ein brei, pussa dekorativ fris, der ståande rombeaktige former i fuga murverk korresponderer med sperrene over, og med vindaugeaksane og vindaugemellomromma under. Brystningspartia er dei same og vindauga er av same type og utforming som i Cirkus, sett bort frå dei i sørfasaden, som er trefags breie og i tråd med den større etasjehøgda i bygningen. Dei pussa omrammingane er av same grunntype som i Cirkus, men dekorverknaden er forsterka gjennom dei markerte avslutningane av sålbenkane og bogene over. I overetasjen har sluttsteinane på toppen form av groteskmasker. Det er variasjon i vindaugene si plassering og storleik i dei andre fasadane, kortare fasade gir smalare vindauge og dei ”bakre” fasadane har enklare dekor. Midtfløya med festsalen har sine eigne vindaugetypar og sin eigen fasadeoppbygging.

Fasade mor Nord, Urbygningen 2007
Fasade mot nord, Urbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Sørfasaden er heile høgskoleanleggets paradefasade. Her er norsk landbruks akademiske ansikt uttrykt i eit gjennomarbeida stykke arkitektonisk komposisjon.  Normalfelta er heilt regelmessig bygd opp. Vindaugeaksane og takarkene vekslar rytmisk med dekorative jarnmurankarar i etasjeskiljehøgde.

Inngangsportal

Inngangsportalen er tredelt, med søylebore bogar som korresponderer med inndelinga i vindaugefelta over. Bogebandet er hogd i kleberstein og vert krona av riksvåpenet i same materiale. Hovud av fire heimlege norske husdyr bærer portalbogane.

Detalj fra dyrehoder, inngang Urbygningen 2007
Detalj frå dyrehoder, inngang Urbygningen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Premierte eksemplar av hesten, kua, svinet og sauen viser veg inn til hovudbygningen for landbrukets fremste undervisings- og forskingsinstitusjon. Symbolinnhaldet er ført vidare i dei tre dekorfelta ovanfor. I det midtre står institusjonens namn i kraftig relieffskrift. I flatrelieffet til venstre er det framstilt tømmerskur med dampmaskin og til høgre kornhausting med sideavleggjande slåmaskin trekt av to hestar. Inngangspartiet har tre tofløyde eikedører med øvre glasfelt omramma av utskorne, kraftige ramstykker med romansk-assosierande detaljer. I brystningsfeltet er det innskore ”Anno 1900” og riksvåpenet flankert av fire byggstrå. Det tredje vindaugefeltet munnar ut i tida og evigheitsteikn, uret og i sluttsteinen over ser ein Athene, åkerbrukets og all høgare utdanning si gudinne.

  • Trappehallen. Foto: Kjersti Sørlie Rimer.

Trappehallen har same breidde som portalen utanfor og er gjennomgåande frå kjellar til loft. Den svingar seg elegant i bogar oppover og vert boren av parstilde granittsøyler med eggstaffprofilerte kapitelar av kleberstein. Mot veggen er det pilastrar tilsvarande.

Gelender i hovedtrapp, 2007
Gelender i hovedtrapp, 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Golv og trappeløp har mosaikkdekke i geometrisk mønster. Rett innanfor døra er riksvåpenet med dei sidestilte kornstråa felt inn. Dette motivet vert teke opp att i det malte stålgelenderet, men der vekslar det med andre agrare symbol.

Riksvåpenet i gulvet ved hovedinngangen,2007
Riksvåpenet i golvet ved hovudinngangen, 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Den nøkterne og verdige elegansen som pregar trappehallen vert diskret fylgd opp i korridorane med pilastrar, brystpanel og golvdekke av svarte og gulraude fliser i fiskebeinsmønster.

Kapitel i trappeoppgang Ur, 2007
Kapitel i trappeoppgangen i Urbygningen, 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Stilhistorie

Urbygningen vart til i eit stilhistorisk tidsskilje. Det gjekk fire år frå oppstart og bygningen til ho sto ferdig (1896-1900). Ein kunne derfor ha venta ein tendens til innstramming i nyrenessanseformspråket i kalsinerande retning, og ein større bruk av naturmaterialar i fasadedetaljeringa. Omsynet til den eksisterande bygningsmasse har nok veid tyngre enn å følgja denne tendensen.

Likevel finn ein døme på at tendensen som peikar i retning av Jugend er bruka på element i bygget. Sokkelfasaden er eit eksempel, med kraftig avskråna flater i profilert, hogd granitt har den ei utforming som ein kan finna att på Historisk museum, ei bygning som vart ferdig same år (arkitekt Henrik Bull).

Takflatene med sine svakt bølgande konturar og med sine svungne toppar og spir på valmane, er eit anna eksempel. Sistnemnde element er ikkje lenger så synleg etter diverse ombyggingar. Inngangsportalen er også forholdsvis ubunden i forhold til nyrenessansens ideal. Reposhøgda innafor har diktert høgda i det tredelte boga feltet utafor, og gjeve det ei høgde utan klassisk preg. Det same gjeld søylene sine litt tunge og bulande form og dyrehovuda som erstattar meir klassiske kapitelar. 

Ole Sverre hadde eit godt samarbeid med handverkarar og kunstnarar i dette bygget. Steinhoggar Christiansen sto for utforming av sokkelmuren, søylene og pilastrane. Billethoggar Georg Andreas Heggelund (1860-1916) sto for portalforma, dyrehovuda, relieffa i feltet over og groteskmaskene i vindauga i 3. etasje.


Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Norges landbrukshøgskole tegnet av Ole Sverre”, skreve av Erik Aas jr. i 1996 og NLHs jubileumsbøker.

Publisert - Oppdatert

Del på