Trehusa frå Ole Sverres tid

Av Kjersti Sørlie Rimer

Det er mange flotte trehus innafor og utafor NMBU sin campus. Mange av desse teikna av arkitekt Ole Sverre i perioden frå 1900 til 1920.

Lærerbolig scannet fra NLH 1859-1909
Lærerbolig scannet fra NLH 1859-1909. Foto: ikke kjent

Trehus ved NMBU teikna av Ole Sverre

Da lærarstaben ved tidlegare NMBU auka, vart det behov for fleire hus. Ole Sverre fekk i oppdrag å teikna desse. Det er ikkje klart om Sverre ønska å oppføra husa i den polykrome nyrennessansens formspråk, slik at dei sto til resten av skuleanlegget. Men resultatet viser at datidas tradisjonelle husstil vart vald. Husa rundt årsskiftet vart ført opp med sein sveitsarstil og dragestil som utgangspunkt.

Bustadar rett etter 1900

Tomannsbolig for lærer
Tomannsbolig for lærare. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Det vart ført opp seks hus rundt århundreskiftet. Eit av husa var husvære for to familiar ved Åkebakkehaugen (i dag Fougnerhaugen). Huset stod ferdig i 1899 og vart tidleg kalla for ”Palmyra”. I denne bustaden budde det to overlærarar den eine heitte Palmstrøm og den andre Myhrvold. Slik kom namnet Palmyra til.

Det dobbelte husværet er delt ved hjelp av ein skiljevegg som går frå loft til kjellar. Kvart husvære har tre stuer og kjøkken i førsteetasje. Det er to soverom, kontor og jenterom i andre etasje. I tillegg kjem loft og kjellar. Bygningen er over halvanna etasje med låg knestokk, takvinkel på 30 gradar og kraftig utstikkande tak ved gavlar og raft. Den relativt høge grunnmuren er i betong med utvendig, avskråna puss. Fasadestrukturen er prega av kraftige horisontale og vertikale markeringar. Panelet i 1. og 2. etasje er liggande, mens panelet i loftetasjen har ståande panel. Tre horisontale band løyper rundt bygningen. Ein framspringande sylstokk markerer overgangen til grunnmuren og to av dei markerer bjelkelaga.

Vertikale markeringar er spesielt iaugefallande på hjørna og ei vertikal linje markerer delinga mellom leilegheitene. Det er symmetriske treramsvindu i begge etasjar og to eitramsvindu i kjellaren korresponderer med vindauga over. Huset er i dag måla i lyst gråkvitt, med mosegrøn pynt. Dei dekorative detaljane som triangelfelta i gavltoppane, krabbelistene på vindskiene og gavltoppfigurane og postane i inngangstrappen er i slekt med formspråket Sverre bruka i fleire av sveitserhusa han teikna på denne tida.

Lindemanngården ved Falsenstøtten
Lindemanngården ved Falsenstøtten. Foto: scannet fra jubileumsbok

Stort sett samtidig vart det oppført ein bustad for ein familie ved sida av ”Palmyra” (1900). Dette huset har same rominndeling som eit av husa i ”Palmyra”, men romma i førsteetasje er noko mindre. Dette er gjort for å få plass til ein indre veranda. Huset er ikkje så symmetrisk, det er nokre strukturerte avvik i form og plassering av vindu og dører, men farger og materialvalg er heilt likt nabohuset. Begge desse husa har i dag adresse Fougnerbakken og vert leigde ut til tilsette.

Damgården 2010
Damgården 2010. Foto: Kjersti Sørlie Rimer
Detalj Damgården 2010
Detalj på Damgården 2010. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

På Eksperimentalfeltet vart det sett opp eit hus for to familiar. Den vert kalla Damgården (1900). Dette er ein replikk til ”Palmyra” og har same romdeling og berre enkel variasjon i pynt. I denne gården budde i mange år høgskulesekretær Klokk og bygningsinspektør Langballe.

Likkista desember 2007
Likkista desember 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I 1902 vart det sett opp eit hus for arbeidarar på Hasselbakke, ei lita kolle nord for Urbygningen. Bustaden skulle husa hagebrukets faste arbeidarar. Bygningen er ein halvanna etasjes bygning med mansardtak dekka med glasert, blå takstein. Den inneheldt to familieleilegheiter i første etasje og to mindre leilegheiter i andre etasje. Tømmeret i reisverket er henta frå to stabbur som tidlegare sto mellom Cirkus og Urbygningen. Kjellarmuren består av gråstein under terrenget og teglstein over.

Bygningen har ei staseleg form. Den kvite, tett slutta bygningskroppen med bratt mansardtak, så og seia utan utstikk, peikar i retning av barokkens og jugendstilens formidealer. Det same gjer det kraftige tømmermannspanelet og den glaserte taksteinen. Dette er eit tidleg eksempel på Ole Sverres orientering mot nybarokk som prega hans bygningar rett etter hundreårskiftet. Bygningen si form har gjeve ho namnet ”Likkista”.

Bustadar bygde etter 1910

Tomannsbolig oppført i Kajafeltet (Åkebu) - nå i privat eie
Tomannsbostad oppført i Kajafeltet (Åkebu) - nå i privat eie. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Ole Sverre fekk nye oppdrag då skulen vart utvida rundt 1912. Dette resulterte i fleire hus i tre. Eit hus for to familiar vart sett opp ved Åkebakke (”Åkebu”) (1912). Åkebu inneheld ei leilegheit med fem rom og ein med fire. Bygningen har ein bratt takvinkel (45 gradar) med ein diskret svai nedst i takflatene. Veggflatene er kledd med kraftig profilert ståande panel. 

Bilde av lærerbolig i Kajafeltet, større type
Bilete av lærarbostad i Kajafeltet. Foto: Henta frå NLH 1859-1090, fotograf ukjent

Huset vert løfta opp av høge gavlar og har symmetriske toramsvindu med småruter. Det ligg nær å assosiera bygningen med eldre norsk trebyggekunst generelt. Men det svaie taket, gavlane, pilastrane og den stramme symmetrien peikar samtidig i urban, klassisk retning. Mot ein enkel og avslappa nybarokk med visse nasjonale historiske overtonar, inspirert frå området kring Bergen.

Assistentbolig
Assistentbolig. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

To år seinare kom ein bustad for to familiar i Utvegen 6 (”Assistenthuset”) 1914. Assistentbustaden er i det vesentlege ein kopi av Åkebu. Dimensjonane er dei same, men her er heile loftsetasjen bygd ut. Derfor er det to rom til i dette huset.

Arkitekten har vald å gje bygningen ein bratt takvinkel på 45 gradar og med moderate utstikk ved raft og gavl. Fasaden er symmetrisk bygd opp. Det er pilasterliknande vertikalmarkeringar i hjørne og ved døropningar og eit bredt horisontalband under raftene. Veggflatene er kledd med horisontalt faspanel og vindua er ordinære torams med småruteinndeling. Bygningen bærer preg av ein lett klassisk form for sein ”krigsbarokk” med eit visst nasjonalt sideblikk til ein eldre vestnorsk, særleg bergensk, panelarkitektur. Huset er kvitt.



Postgården, ved tunet
Postgården ved tunet, sett frå Økonomibygningen. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I 1917 fekk maskinhallen bygd til ei tverrfløy. Maskinhallen var oppført i 1910. I dag ligg Vitenparken der maskinhallen låg. Tverrfløya besto av eit halvanna etasjes bygg med reisverk av plankar og grunnmur av betong. Bygningen inneheldt blant anna to kontor for maskinprøveanstalten og postkontor i nordleg ende. Denne bygningen har Økonomibygningen og Tivoli som nære naboar.

Bustadar på Kajafeltet

Rundt 1919 vart det nye utvidingar og Ole Sverre teikna seks familiehus på Kajafeltet. Husa i Kajavegen (Skogveien) 35, 24, 23, 37 og 22 vart oppført i 1921, mens huset i Kajavegen 20 vart oppført i 1923. Husa er ikkje heilt like, det vert skilt blant anna på hus som er tenkt for lærarar under professornivå. Desse husa har ein enklare fasade.

Lærerbolig, Stor, Kajafeltet 2007 - privat eie
Lærerbolig, Kajafeltet 2007 - privat eige. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Huset i nummer 35 er bustad for professor og eit av tre like. Det er ei toetasjes bygning med full kjellar. Det bratte svaiande taket er dekt av teglpanner. Karakteristisk for bygningen er den tette, robuste bygningskroppen med moderate takutstikk.

Lærer bolig Kajaveien, stor type 2007 - privat eie
Lærarbostad i Kajaveien - privat eie. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Veggflatene har kraftig profilert ståande panel, vindauga er torams og smårutete, med fast regelmessig plassering. Huset sin karakter speglar sentrale trekk i den robuste, fabulerande karakteren som kjenneteikna mykje av den nasjonalt historiske arkitekturen som Sverre sjølv hadde vore med å lansere rundt 1907.

Kajavegen 22, er ein replikk til dei tre like husa. Berre små detaljar er endra, men uttrykket er likt.

Lærerbolig, mindre utgave, 2007 - privat eie
Lærarbustad 2007 - privat eie. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Kajavegen 20 har ikkje same formspråk. Dette er eit hus for lærar under professor og går under namnet «kasserarboligen». Med sine arker og vindskiavslutningar går det meir i retning av den ti år eldre stilen som kan sjåast i Åkebu og bustaden for assistent.

Kasserebolig, kajafeltet, 2007 - privat eie
Kasserarbustad på Kajafeltet, 2007 - privat eie. Foto: Kjersti Sørlie Rimer


Alle husa utanfor Universitetsområdet er no i privat eige.

Trehus som ikkje er teikna av Ole Sverre

Trillinghusene 2007
Trillinghusene 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I 1919 ble det også oppført tre like enkelthus og eit dobbelthus i kjøkkenhagen nær Andedammen. Desse husa skulle brukast av fjøsmester, stallmester, sjåfør, elektromontør og bygningsformann. Husa vert i dag kalla Trillinghusa og Stallmesterboligen. Husa er teikna i tilnærma same stil som dei andre husa som vart oppført i denne perioden.

Trillinghusa har bratt takvinkel og er noko tilpassa posthuset som vart bygd i same periode. Dei er bygd i ein norsk "småhus-stil" med inspirasjon frå landsbygd og nyklassisisme. Stallmesterboligen er bygd med halvvalma tak og i ein blandingsstil mellom jugend og nyklassisisme.

Stallmesterboligen 2007
Stallmesterboligen 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Ved oppføringa av desse fire husa vart det skapt eit hyggeleg trehusmiljø, beståande av fleire småhus mellom den store driftsbygningen og smia.

Ole Sverre var Høgskulens arkitekt, men desse fire husa er teikna og bygd av overlærar Sørsdahl. Trehus som er sett opp tidligare og som heller ikkje er teikna av Ole Sverre er Gartnarboligen og Parkgården.

Overlærar Landmark var den første som bygde privat bustad på Høgskulens (NMBU) grunn. Huset vart kjøpt inn til direktørbustad i 1908. Huset var plassert i området mellom Parkgården og RV 152, men er i dag reve.

Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Norges Landbrukshøgskole tegnet av Ole Sverre” skreve av Erik Aas jr. i 1996 og NLHs jubileumsbøker.

Generelt om sveitserstilen

Til å begynna med vart husa i såkalt sveitsarstil bygd med ei symmetrisk grunnplan som ofte var ei korsplan med veranda på midten, dette utvikla seg til å verta asymetrisk. Opprinneleg var takvinkelen låg, men vart etterkvart høgare.
Dei dekorative detaljane i fasaden gjer at ein lett kjenner igjen stilen. Det er forseggjorte bord og listverk, friser og prydverk sett inn under takkantane, rundt vindua eller i band på fasadane. Detaljane vart ofte framheva med farger, fargeprøver tekne frå fasadar viser at det var vanleg med tre farger. Karakteristiske trekk ved sveitsarstilen:

  • Framheving av treets eigenskapar som byggemateriale
  • Detaljert dekor med lauvsagutskjæringar
  • Høg grunnmur og høge krysspostvindauge
  • Stor takhøgde i romma
  • Bratte og utstikkande tak som skulle verna alle dei kunstferdige skjøre detaljane mot vær og vind
  • Glasverandaar, altanar, gavlkvister og eit rikt dekorativt utvendig listverk som vert understreka med farger i målinga
  • Farga og mønstra glas
  • Bærande stolpar, bjelkar og sperrer som det konstruktive ledd var skilt ut frå, ofte med farger
  • Ofte spir og tårn

Sveitsarstilen var ikkje ein typisk overklassestil, men noko som passa like godt til husrom for arbeidarar, stasjonsbygningar, villaer, fjøs og turisthotell. Hustypen og stilen låg godt til rette for serieproduksjon. Maskiner og elektriske sager gjorde det mogleg til ein viss grad å masseprodusera delar av dei ressurskrevjande dekorative elementa som stilen kravde.

Frå inntoget til sveitserstilen i Noreg i 1840-åra og fram mot hundreårsskiftet utvikla stilen seg gradvis. Frå til å begynna med å vera ein importert stil frå Tyskland og dei sveitsiske fjell, endra stilen seg her heime til å verta meir norsk. Mot slutten av hundreåret resulterte dette i dragestilen, som umiskjenneleg hadde norske særtrekk.

Kjelder: Truls Aslaksby: "Den nye træstilen", Fortidsvern 1/84. Ruth Hamran: "Sveitser-Huse", Fortidsvern 1/84.
Drange, Arnesen, Brænne: "Gamle trehus - historikk, reparasjon og vedlikehald", Universitetsforlaget. 1992.

Publisert - Oppdatert

Del på