Cirkus 1901

Av Kjersti Sørlie Rimer

Tunbygningane med fasaden til Cirkus.
Cirkus og dei andre tunbygningane.Foto: Tommy Normann

Cirkus er ein av dei tre skulebygningane som blei bygd til skulestart 1859. Den blei bygd som hovudbygning og husa mellom anna direktørane fram til den blei bygd om i 1901.

Cirkus
Cirkus frå 1850.Foto: Henta frå NLH 1859-1909

Hovudbygningen til den Høiere landbruksskule på Aas blei utvida og bygd om i 1901. Den blei gjort sju meter lenger i kvar ende. Og den gamle loftsetasjen blei riven og erstatta med ny tredje etasje pluss loftsetasje med tak av same type som fløybygningane.

Cirkus, 2007
Cirkus, 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Cirkus blei opphavleg ført opp som ein hovudbygning og bustad for direktøren. Den blei bygd om til internatbygning rundt hundreårsskiftet, men har i ettertid fått tilbake funksjonen som ein av hovudbygningane.

Bygningen sine nye funksjonar gav følgjande romfordeling. I kjellaren var det bustader for to vaskekoner, kvar med kjøkken og stove. I tillegg var det fire soverom til skopussaren, bakaren og andre hjelparar.

I fyrste etasje var det 22 elevrom og tre bustader med to rom og ein bustad med eitt stort rom. Dei sistnemnde var bestemt for stipendiatar og assistentar.


I andre etasje var det 23 elevrom og ein forsamlingssal med to leserom ved sida av. Frå forsamlingssalen førde ei dør ut til ein større balkong.

Forsamlingssalen brukes som møterom på 2000-tallet
Forsamlingssalen brukes som møterom på 2000-tallet. Foto: Jens Chr. Eldal


I tredje etasje var det 14 elevrom og to lærarbustadar, ein med fire rom og ein med fem rom i tillegg til kjøkken, jenterom og hushaldsrom. To av soveromma var på loftet, mens bryggjarhus og bod til rulla var i kjellaren.

Elevrom i Cirkus
Elevrom i Cirkus. Foto: Hentet fra NLH jubileumsbok
Vindu fra en av hyblene/leilighetene per 2007
Vindaug frå ein av hyblane/leileghetane per 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I loftetasjen var det i tillegg tørkeloft og eit stort rom som blei brukt til gjesterom.

Tørkeloft i Cirkus, anno 2007
Tørkeloft i Cirkus, anno 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Brystpanel i gang, detalj som også er i matsalen i Økonomibygningen.


Bygningen var utrusta med elektrisk lys og sentraloppvarming. Til oppvarminga blei det brukt to lågtrykksdampkjelar. På kvart rom var det radiatorar på veggen mot korridoren og ei glødelampe med to brytarar, ein ved døra og ein ved senga.

Cirkus dannar ein aksial front til fløybygningane i tunromma. Den er lengre, har ein etasje ekstra og blir dermed dominant i tunrommet kor Svanedammen og Smia dannar ei enklare avrunding mot aust. Samtidig dannar bygningen sin fasade mot vest, eit markert ledd i det stordimensjonerte parkrommet som blir avgrensa mot nord av Undervisningsbygningen (no Urbygningen).

Utsmykking over inngangsparti Cirkus
Utsmykking over inngangspartiet på Cirkus. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Cirkus har fått ei noko rikare utsmykking enn fløybygningane, den har ein austfasade som er meir utsmykka enn Tivoli og Økonomibygningen (fløybygningane) og ein vestfasade kor detaljrikdom og ornament blir ytterlegare forsterka og dermed tilpassa Urbygningen.

Tunfasaden er bygd opp med ein brei og dominerande midtrisalitt og med siderisalitter tilsvarande forlenging av bygningen. Vestfasaden har same oppbygging, men detaljutforminga av midtrisalitten er ein annan. Mellomromma mellom risalittene består av vindauge i fem regelmessig stilte aksar på begge fasadar.

Fasadedetaljane har ein større rikdom i uttrykket.

Grunnmuren er lik grunnmuren i dei andre bygningane. I kontrast til den grå natursteinen i grunnmuren er dei utvendige trappene fint tilhogde i raudleg granitt. Også på denne bygningen er det eit samanhengande pusset band som markerer overgang frå grunnmur til fyrste etasje. Eit tilsvarande band finst i 2. etasje i brytningshøgde under vindaugane, mens eit tredje band markerer overgangen mellom 3. etasje og loftet.

Grunnmur Cirkus
Grunnmur Cirkus Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Det er uvist om det sistnemnde har vore tanna slik som på fløybygningane. I dag er det eit ordinært pusset band på risalittene og på felta i mellom, i tillegg til dette finnar ein to horisontale pussa band på midtrisalittene, i overkant og underkant av brystninga mellom 2. og 3. etasje. På siderisalittene finst det eit 6. band i brystningshøgde i 1.etasje. Desse banda deler opp fasaden i horisontale felt.

 
Det er større variasjon i utforming av vindaugane i denne bygningen enn i fløybygningane. I mellomromma i 1. etasje sit same type torams krysspostvindauge som i fløybygningane, i 2. etasje er vindauga rektangulære og har rett, knekket og pussa omramming ned til tverrposthøgd. I 3. etasje har vindauga ei overdekning av ein Tudorlignande boge og tilsvarande pussa omramming. I alle tre etasjar har vindaugsomramningen ein illudert sluttstein på toppen.

I andre og tredje etasje er alle vindauga komponerte saman med Andreaskorsdekorasjon av same type som i fløybygningane. Samla gir desse mellomromsdelane i fasaden eit roleg og ordna preg, og ein klar material- og dekorverknad som tydeleg røper nyrenessansen sine ideal. På kortveggene blir utsmykkinga rundt vindauga variert på ein fri måte. Siderisalittane har parstilte, høgtsittande einramsvindauger, mens midtrisalitten, som markerar korridoren sin ende, har breie treramsvindauge med høg boge over i 1. og 3. høgd. Spesielt i nordenden representerer denne utsmykkinga ein overgang til Urbygningen.

I langfasaden sine risalitter er formspråket sterkare. Her er normalvindauga komponerte saman i ei tett gruppe. I loftsetasjen krones det samanhengande vindaugsfeltet med halvsirkelforma pusset flate med tre runde vindauge. Det er inngangsmotivet til fløybygningen som går igjen.

Front mot vest, Cirkus 2007
Front mot vest, Cirkus 2007. Foto: Kjersti Sørlie Rimer

I midtrisalitten er uttrykt noko meir komplekst. På tunsida sjåast dette som ei storslått og variert utgåve av inngangspartiet frå fløybygningane. Trefags sidevindauge gir inngangspartiet eit noko uroleg preg og gjer at dette partiet skil seg frå dei andre. Over den tofløyede inngangsdøra er det innfelt ”Aar - Noreg - Landbrukshøgskole 1901”.

Vestsida er komponert noko annleis og verkar meir roleg og ”akademisk”. Den har ei aksial brei inngangsdør med eit trefags vindauge på kvar side. Umiddelbart over denne skyt balkongen frå forsamlingsromma fram. På flankane blir den boren av kraftige svungne konsollar og på midten av toskaniserande søyler av raudleg granitt. 

Søylene har basis på vangane til ei monumental trapp i same materiale. Ekstraordinær høgde i 2. og 3. etasje gjer at det kronede feltet er lyft noko og at brystningsfeltet er høgare. I tillegg er det her enkeltvindauge på sidene. Til saman gir dette eit meir roleg uttrykk.

Inngangsparti Cirkus, mot Storplenen og Tårnbygningen
Inngangsparti Cirkus, mot Storplenen og Tårnbygningen Foto: Kjersti Sørlie Rimer

Denne delen av fasaden var opphavleg teikna noko annleis, men blei endra ved oppføring. Dette har nok samanheng med blant anna at den symbolikkdekoren som var teikna inn, var vareteken i den nyleg oppførde Urbygningen.

Cirkus med de gamle gårdsbygningene
Cirkus med de gamle gårdsbygningene Foto: Gammelt, ukjent

Publisert - Oppdatert

Del på