Tivoli 1900

Av Kjersti Sørlie Rimer

Tivoli Østre del
Tivoli Østre delFoto: Anton Hjeltnes

Tivoli er ein av dei tre skulebygningane som blei bygde til skulestart 1859. Bygningane dannar eit naturleg symetrisk tun rundt tuntreet som blei planta 22. mai 1864.

Økonomibygningen og Tivoli er plassert rett over kvarandre og er like lange. I 1859 var dei omtrent 26 meter lange og 11 meter breie. Dei fantasifulle namna har kome til i ettertid, opphavleg blei bygningane kalt nordre og søre fløy.

Tivoli var den fyrste undervisningsbygningen, den innehaldt undervisningssal, teiknesal og laboratorium. I tillegg var det to familieleilegheiter med innlagt vatn og kloakkleidningar i andre etasje og fire elevrom i øvste etasje.


 
Ved utvidinga av skulen rundt hundreårsskiftet, blei det behov for større lokale og dei tre skulebygningane blei vedtekne bygt ut. Arkitekt Ole Sverre fekk oppgåva. Tivoli var ferdig bygd om i 1900. Årstalet er prega i fasadepynten ved inngangspartiet. Bygningen blei forlengd mot aust og det blei gjort vesentlege endringer i fasaden og utbyggingar inn mot tunet. Tre utstikk/fløyer er bygt på, den midtre fløya er inngangspartiet, mens dei to sidefløyene inneheld trapper frå kjellar til loft.



Tivoli blei brukt som hybelhus for studentane fram til 1990. Frå 1992 har det fungert som kontorbygg for Noragric.

Utsjåande

Den opphavlege skulebygningen var eit enkelt mursteinshus med enkle buar over vindauga. Det var lagt stor vekt på symmetri. To vertikale takrenner delte bygningen i tre delar, midtre del hadde vindaugsrekkjer av tre vindauge, mens dei to andre hadde rekkjer av to vindauge. Inngangspartia låg på kvar side av midtpartiet. Bygningen hadde tre takluker og fire piper. Teglsteinen var henta frå ein fabrikk ved Årungen. I grunnmuren blei det brukt Grorudgranitt. Etter ombygginga blei bygningen endra i stil og storleik. Den glatte mursteinsfasaden inn mot tunet, blei erstatta med eit inngangsparti som var trukke fram og hadde mykje pynt. Taksteinen blei erstatta med Oppdalskifer.

På baksida av Tivoli kan ein tydeleg sjå forskjell på steinen som blei brukt i 1859 og 1900. I grunnmuren ser ein også stor forskjell på fuginga. Dei enkle symmetriske vindauga, med ein enkel pynteboge i murstein over, er vidareført i den nye delen.

Økonomibygningen som utvendig er omtrent lik Tivoli har ein "bakfasade" som er meir utsmykka enn "bakfasaden" til Tivoli. Dette kjem av at baksida til Økonomibygningen ligg vend mot tilkomstvegen og blir meir synleg. Den Fredrikhaldske kongevegen som gikk forbi, var lagt ned som tilkomstveg før ombygginga tok til.



Baksida av Økonomibygningen. Foto: Biletearkiv.

Det er lagt stor vekt på symmetri i vindauge og fløyer. I trappeoppgangane er det lagt inn vindauge som går skrått over kvarandre, og følgjer stigninga til trappa på innsida. Inngangspartiene på alle tre tunbygningane har store fellestrekk. Ei smal inngangsdør blir ramma inn av vindauge og murpuss i kvitt. Dette blir lyft opp og avrunda i runde vindauge på toppen.



Dei to kortveggene er ikkje like, mot Urbygningen er det tre vindauge i bredda, mens det er fire mot Svanedammen.


Tunbygningane er laga med stor tanke på symetri bygningane i mellom, men overgangen til Urbygningen er også viktig. Fargar, mønster og symetri speilar seg alle vegar. Taklukene blei fjerna i 1900, men er no erstatta med takvindauge på halve loftet. Ei oppussing for å kunne utnytta dette arealet er starta, men ikkje ferdigstilt.



Informasjonen er henta frå ”Bygninger ved Noreg sin Landbrukshøgskole teikna av Ole Sverre” skriven av Erik Aas jr. i 1996.

Publisert - Oppdatert

Del på