Kunst på Campus: Frå lav til tre

  • Med den opne forma speler skulpturen på lag med skiftingar i lys, vêr og årstider.

    Med den opne forma speler skulpturen på lag med skiftingar i lys, vêr og årstider.

    Foto
    Illustrasjon: Kathrin Schlegel

Hovudverket i den nye parken på Campus Ås er no valt. Ein bit lav frå tuntreet som vart planta på Campus i 1864  blir no forstørra og støypt i bronse til eit «tre» på nesten fire meter.

Kunst på Campus: Frå lav til tre

Det er «Feeding from the Tree of Knowledge» som vann konkurransen om å bli hovudverket i den nye parken på Campus Ås, melder Statsbygg i magasinet Åpent rom

Støypast i bronse i Düsseldorf

Den tyske kunstnaren Kathrin Schlegel brukte ein bit lav frå det gamle tuntreet på campus som modell då ho forma «treet». Skanna og forstørra til ein 3D-modell slik at alle detaljar er synlege, blei lavet til eit tre på nesten fire meter. No skal det støypast i bronse i Düsseldorf.

Skal stå ferdig i 2020

Skulpturen vil bli plassert på ei opparbeidd høgd i den nye parken som Statsbygg etablerer utanfor det nye Veterinærbygget, som skal stå ferdig i 2020.

Det var statens fagorgan for kunst i offentlege rom, Koro, og kunstutvalet i byggeprosjektet som hadde ansvaret for å plukke ut fem kunstnarar/kunstnargrupper etter ei open prekvalifisering i 2016 og invitere dei til ein lukka konkurranse.

 

 

 

Published 8. november 2018 - 10:34 - Updated 8. november 2018 - 10:53