Publiserings - ABC
Publisering

Vitskapleg publisering, forfattaradresser og medforfattarskap

Tilsette og studentar skal gjera seg kjende med og følgja nasjonale og internasjonale retningslinjer for publisering, forfattarskap og medforfattarskap. NMBU følgjer Vancouverreglane for medforfattarskap.

Vitskapleg publisering, forfattaradresser og medforfattarskap

Publisering av vitskapelege resultat

Vitskapelege resultat skal publiserast i publiseringskanalar med kvalitetskontroll (fagfellevurdering/ peer-review) og berre i kanalar som er godkjente gjennom det norske kanalregisteret. Viss tidsskrift/ forlag ikkje finst i kanalregisteret kan dette meldast inn via  DBH. Det er svært viktig å sjekka at tidsskrift, bokutgivar eller liknande, ein tenker å publisera i, IKKJE er eit "røvartidsskrift"

Medforfatterskap

Forskarar skal respektera bidraget åt andre forskarar eller studentar og følgja standardar for forfattarskap og samarbeid. I følgje Vancouverkonvensjonen skal rett til medforfatterskap vera basert på fire hovudkriterium som alle må oppfyllast for at forfattarskap skal vera legitimt:

  • Vesentlege bidrag til idé og utforming, eller datainnsamling, eller analyse og tolking av data

  • Utarbeiding av sjølve manuskriptet eller vesentlege delar av manuskriptet eller kritisk revisjon av det intellektuelle innhaldet i artikkelen

  • Godkjenning av artikkelversjon som skal publiserast

  • Oppslutting om ansvaret for at spørsmål som har med integriteten eller nøyaktigheita åt arbeidet i alle aspekta og delane av det er undersøkt og svart på ein ordentleg måte.

Det er nokre forskjellar mellom fagområde/ disiplinar når det gjeld medforfattarskap. Les meir her:

Bruk av forfattaradresser på vitskaplege arbeider

  • Dersom ein forfattar på ein gitt publikasjon er gjeven opp med to adresser, blir det ein halv forfattardel til kvar av desse institusjonane.

  • Dersom den eine institusjonen ikkje blir omfatta av departementets resultatbaserte omfordeling, får den andre institusjonen likevel berre ein halv forfattardel.

  • Dersom ein forfattar på ein gitt publikasjon er gjeven opp med to adresser, SKAL begge adressene registrerast i CRISTIN-posten. Begge adressene blir viste etter personnamnet i lista over bidragsytarar.

Institusjonskreditering

Kreditering av institusjonar må vera rettferdig, særleg i forhold til tilsette med to arbeidsgivarar. Det er ansvaret åt forskaren å gi opp den forfattaradressa som han eller ho meiner er rettferdig i forhold til det arbeidet som er gjort.

Rettleiing

Dersom ein rettleiar ønskjer å nytta studentens upubliserte datamateriale eller forskingsresultat i eigne publikasjonar eller forsking, skal studenten gi samtykket sitt. På same måte skal vegleiar gi samtykket sitt når ein student ønskjer å nytta vegleiars upubliserte materiale eller resultat.

Negative resultat

Negative resultat bør og publiserast.

Published 27. august 2015 - 10:36 - Updated 1. juli 2020 - 13:34