Policy og retningsliner for handtering av forskingsdata

Presentasjonar:

NMBUs retningsliner for handtering av forskingsdata (vedteke 10. april 2018):

Noregs miljø- og biovitskapelege universitet  følgjer FAIR-prinsippa (Findable, Accessable, Interoperable and Resuable) og prinsippet om at "Forskingsdata skal vera så opne som råd, så lukka som nødvendig". 

Gjeld for studentar og tilsette ved NMBU.

Forskingsdata skal lagrast og arkiverast på ein sikker måte. Med forskingsdata meinast registering/nedteikningar/rapporteringar i form av tal, tekst, bilete og lydar som vert generert eller oppstår undervegs i forskingsprosjekt. 

Forskingsdata vert klassifisert i fire kategoriar - grøn, gul, raud og svart. Les meir her om klassifisering av forskingsdata.

  1. Forskingsdata i pågåande prosjekt skal lagrast på NMBUs servar (W:) eller i godkjente nasjonale/ internasjonale serverar. Sjå også informasjon her som gjeld for studentar.
  2. Forskingsdata i avslutta prosjekt skal arkiverast i godkjente dataarkiv.
  3. Forskingsdata skal IKKJE berre lagrast på harddisk på eiga datamaskin (C:disk), eksterne harddiskar, m.m. Det er høve til å lasta ned ein kopi av grøne og gule forskingsdata til eiga datamaskin for bearbeiding og analysar. Les meir om bruk av privat datamaskin/ einheit her.
  4. Lagring, arkivering og deling av forskingsdata skal vera i følgje god vitskapeleg praksis, gjeldande lovverk, forskingsetiske retningsliner og krav frå finansieringskjelda.
  5. Forskingsdata skal lagrast i godkjente servarar i minimum 10 år eller følgje dei krav som vert definert av finansieringskjelda.
  6. Forskingsdata skal arkiverast i eigne dataarkiv så lenge dei er av verdi for forskaren og eit breidare forskingsmiljø, minimum 10 år eller følgja krava som vert definert av finansieringskjelda. 
  7. Forskingsdata skal utstyrast med ei datahandteringsplan (Data Management Plan DMP). Ei datahandteringsplan er eit dokument som beskriv korleis forskingsdata vil bli handtert (lagring, arkivering og tilgjengeleggjering) både i løpet av levetida i eit prosjekt og etterpå. 
  8. Forskingsdata skal lagrast på ein slik måte at dei kan finnast att og verta bruka om att.  (FAIR-prinsippa). Dataene må derfor verta utstyrt med metadata. Metadata er data som tener til å definera eller beskriva andre data. Metadataene skal gjera andre i stand til å søkja etter og ta i bruk dataa.
  9. Forskingsdata skal tilgjengeleggjerast der det er mogleg. Men det kan finnast fleire utfordringar knytta til det å gjera enkelte datasett ope tilgjengeleg. Årsakar til å avgrensa tilgjengelegheita kan vera:
  • Sikkerheitsomsyn: I tilfelle kor tilgjengeleggjering av data kan truga enkeltmenneske sin eller nasjonal sikkerheit, skal datasetta ikkje gjerast ope tilgjengelege.
  • Personsensitive data: I tilfelle kor tilgjengeleggjering av data er i strid med gjeldande regelverk for personvern, skal datasetta ikkje gjerast ope tilgjengeleg.
  • Andre juridiske forhold: I tilfelle kor tilgjengeleggjering av data strir med andre juridiske reglar, bør datasetta ikkje gjerast ope tilgjengeleg.
  • Kommersielle forhold: Data som har kommersiell verdi og/ eller er generert i prosjekt med ei bedrift, kan verta unnateke frå det generelle prinsippet om open tilgang. I desse tilfella er rådet at data vert gjort tilgjengeleg etter ein periode, forslagsvis etter tre eller fem år.
  • Andre forhold: I tilfelle kor tilgjengeleggjering av data får store økonomiske eller praktiske konsekvensar for dei som har generert/samla inn data, kan datasetta verta teken unna frå det generelle prinsippet om open tilgang dersom det vert argumentert tilfredsstillande for dette. Dette kan for eksempel gjelda enkelte kvalitative forskingsdata.
Published 11. mars 2014 - 15:17 - Updated 8. February 2021 - 18:35