Informasjon om forskingsdata for studentar

Kva er forskingsdata og kva er persondata?

Med forskingsdata meiner ein registering/ nedteikningar/ rapporteringar i form av tal, tekster, bilder og lydar som vert generert eller oppstår undervegs i forskingsprosjekt. Les meir om forskingsdata her.

Persondata er innsamla forskingsdata som inneheld personopplysingar. Personopplysninger er alle opplysingar og vurderinger som kan knyttes til deg som enkeltperson. Vi skiller mellom ikke-sensitive og sensitive personopplysingar. Les meir om persondata her.

Kven eig forskingsdata?

Studentar eig sine eigne forskingsdata. Dersom ein student er involvert i et forskningsprosjekt kan det vera behov for å regulere eigarskap til resultater, forskingsdata og konfidensialitet. Ved overføring av eigarskap av data frå student til rettleiar bør ein inngå ein eigen avtale om dette

Kontakt juristene i Forskingsavdelinga for spørsmål om regulering av eigarskap til resultater, forskingsdata og konfidensialitet.

Klassifisering av forskingsdata

Alle forskingsdata vert klassifisert som grøn, gul, raud eller svart. Studentar og forskarar er ansvarlege for at forskingsdata vert behandla i samsvar med krava for dei ulike klassane. Forskingsdata som inneheld personopplysningar (persondata) eller som kjem innanfor Helseforskingslova, Bioteknologilova, Helseregisterlova eller Personopplysingslova (GDPR), vert sett på som sensitive data og kravet er særskilt handtering. Lovverket krev at slike data vert handtert og lagra på ein sikker og forsvarleg måte (se under).

  • Open eller fritt tilgjengeleg - GRØN: Forskingsdata om dyr, plantar, bakteriar m.m
  • Begrensa - GUL: Anonymiserte forskingsdata, upubliserte forskningsdata, data med ikke-sensitive personopplysingar. Les meir her Om anonymisering av eit datamateriale.
  • Fortruleg - RAUD: Forskingsdata med særskilte kategoriar eller sensitive personopplysingar og helseopplysingar
  • Strengt fortruleg - SVART: Store mengder sensitive personopplysingar eller helseopplysingar og forskingsdata/ datasett av stor økonomisk verdi

Kontakt Norsk senter for forskningsdata (NSD) eller Solveig Fossum-Raunehaug (Forskingsavdelinga) for spørsmål om klassifisering av forskingsdata.

Innsamling og lagring av GRØNE forskingsdata

Studentar kan lagra GRØNE forskingsdata på eiga heimeområde NMBU OneDrive. Les meir om handtering av GRØNE forskingsdata her.

Dersom data masterstudenten generer er ein del av eit større forskingsprosjekt og/ eller vegleiar ønskjer å ta vare på desse dataa kan studenten få tilgang til LargeFile (W:) (kontakt IT-avdelinga). 

Kontakt Solveig Fossum-Raunehaug (Forskingsavdelinga) for spørsmål om innsamling og lagring av GRØNE forskingsdata.

Innsamling og lagring av persondata (GULE, RAUDE og SVARTE forskingsdata)

GULE, RAUDE eller SVARTE data krever særskilt handtering og skal meldast til Norsk senter for forskingsdata (NSD) senest 30 dager før behandlingen skal starte. Les meir om handtering av persondata her.

  • Studentar kan bruka Nettskjema for innsamling av GULE forskingsdata med personopplysningar (GULE data). Desse dataene kan videre lagrast på eiga heimeområde NMBU OneDrive når dei er anonymisert. Dersom data studenten generer er ein del av eit større forskingsprosjekt og/ eller vegleiar ønskjer å ta vare på desse dataa kan studenten få tilgang til LargeFile (W:) (kontakt IT-avdelinga). 
  • Studentar kan bruka Nettskjema for innsamling av forskingsdata i særlege kategoriar (RAUDE og SVARTE data). For lagring på eiga heimeområde NMBU OneDrive må data anonymiserast (og blir da GULE).

Lyd- og videopptak 

  • Nettskjema diktafon kan nyttast, og lagring av data skjer ved direkte overføring til Tenester for sensitive data (TSD). Spør din rettleier om tilgang til TSD.
  • Teams eller Zoom kan nyttast. Opptak blir automatisk lagret på personlig område på PCen. Data må anonymiserast og lagras på eiga heimeområde NMBU OneDrive så fort som mulig. Alternativt kan data overførast til TSD.

Kontakt Jan Olav Aarflot (Forskingsavdelinga) for spørsmål om innsamling og lagring av persondata.

Roller og ansvar knytta til handtering av persondata

Prosjektleiar

  • Rettleier fungerer som prosjektleiar i studentprosjekter.

Prosjektleiars ansvar

  • Å vurdere om prosjektet skal behandle personopplysingar. Her kan prosjektleiar sjekke om prosjektet må meldast til NSD.
  • Å vurdere om den planlagte behandlingen er i samsvar med GDPR regelmentet. 
  • Å melda prosjektet sitt til NSD senest 30 dager før behandlingen skal starte. I meldeskjemaet skal Jan Olav Aarflot i Forskingsavdelinga verta gjeven opp som kontaktperson ved NMBU.
  • Å beskrive handtering (innsamling, lagring og arkivering) av persondata i ein datahåndteringsplan.
  • Å sikre at personar som skal handtera persondata har gjennomført nødvendig opplæring i informasjonssikkerhet og personvern før behandling. 
  • Å melda eventuelle endringar som oppstår undervegs i prosjektet.
  • Å følga opp eigne prosjekt ved prosjektslutt.  

Personvernrådgivar for NMBU

Norsk senter for forskingsdata (NSD) fungerer som personvernrådgivar for prosjekt som vert gjennomført av studentar og tilsette ved NMBU og som handterer forskingsdata med personopplysingar

NSD kontaktperson ved NMBU er Jan Olav Aarflot i Forskingsavdelinga.

Om bruk av privat PC, mobiltelefon eller annan digital einheit

Det er begrensingar i bruk av privateigd datamaskin, mobil eller andre digitale einheiter ved innsamling og lagring av forskingsdata. Data som er fortruleg (RAUD) eller strengt fortruleg (SVART) skal ikkje lagrast på privat datamaskin/ einheit. 

Data som kjem under betegnelsen intern (GUL) kan lagrast viss datamaskin/ einheit dersom følgjande krav er oppfylt:

  • Ein kun oppbevarer dei data ein jobbar med i augeblikket
  • Dette innebærer at det er høve til midlertidig lagring av innsamlede data når disse vert overført til korrekt lagring så snart moglegheiten byr seg
  • For kortare perioder er det høve til å laste opp ein kopi av eit datasett til privat datamaskin/einheit for bearbeiding og analyse
  • Dataene skal bare brukes av deg
  • Din bruker skal ikkje ha administratorrettigheiter på datamaskin/ einheit
  • Din bruker skal vere sikra med sterkt passord
  • Egen administratorbrukar skal opprettast
  • Administratorbruker skal vere sikra med sterkt passord
  • Det skal ikkje vere andre brukarar av datamaskin/einheit
  • Du pliktar å halde datamaskin/ einheit automatisk oppdatert med dei siste sikkerhetsoppdateringene for operativsystemet
  • Du må ha oppdatert gyldig antivirus programvare installert på datamaskin/einheit
  • Om du forlatar datamaskin/ einheit så skal den låsast
  • Dei aktuelle dataene skal være kryptert (Windows) / (MacOS)
  • Datamaskin/einheit skal skrus heilt av under transport
  • Du skal utvise varsomheit og skepsis til lenker i e-post og på ukjente nettsidar
  • Du skal vere forsiktig med bruk av ukjente trådløsnett, særleg på reise
  • Vit hvilke program som kan tenkast å kopiere mapper og filer til ulike private backup- eller skyløysing

Her finn du pdf-dokument knytta til informasjon om lagring av forskingsdata på privat PC, mobiltelefon eller annan digital einheit.

Kontakt Jan Olav Aarflot (Forskingsavdelinga) for spørsmål om bruk av privateigd datamaskin, mobil eller andre digitale einheiter ved innsamling og lagring av forskingsdata.

Anonymisering av data

Forskingsdata som inneheld personopplysingar (både sensitive og ikke-sensitive) kan anonymiserast. Koplingsnøkkel skal lagrast separat frå sjølve dataa, og kan til dømes verta lagra hos TSD. Les meir her om koss du anonymiserer eit datamateriale.

Arkivering av forskingsdata

Forskningsdata som ligg til grunn for eit masterprosjekt må overførast til rettleiar eller arkiveres. Les meir om arkivering av forskingsdata her.

  • Studentar kan arkivera sine forskingsdata i arkivet  "NMBU Open Research Data" (DataverseNO). Dataarkivet kan nyttast til arkivering av alle typer data, bortsett frå forskingsdata som inneheld personopplysingar eller anna sensitiv informasjon. Forsknngsdata kan gjerast opent tilgjengeleg eller ein kan settje begresningar ("embargo") på tilgangen til dataene. 
  • Dersom studenten ikkje vel å arkivere data i arkivet  "NMBU Open Research Data" (DataverseNO), bør data overførast til rettleiar. Ved overføring av eigarskap av data frå student til rettleiar bør ein inngå ein eigen avtale

Kontakt Universitetsbiblioteket for spørsmål og rådgjeving om arkivering av forskingsdata. 

Tilgjengeleggjering (deling) av forskingsdata

Noregs miljø- og biovitskapelege universitet følgjer FAIR-prinsippa (Findable, Accessable, Interoperable and Resuable) og prinsippet om at "Forskingsdata skal vera så opne som råd, så lukka som nødvendig".

I følge NMBUs retningslinjar skal forskingsdata tilgjengeleggjerast der det er mogleg. Men det kan finnast fleire utfordringar knytta til det å gjera enkelte datasett ope tilgjengeleg. Årsakar til å avgrensa tilgjengelegheita kan vera:

  • Sikkerheitsomsyn: I tilfelle kor tilgjengeleggjering av dataa kan truga enkeltmenneske sin eller nasjonal sikkerheit, skal datasetta ikkje gjerast ope tilgjengelege.
  • Personsensitive data: I tilfelle kor tilgjengeleggjering av dataa er i strid med gjeldande regelverk for personvern, skal datasetta ikkje gjerast ope tilgjengeleg.
  • Andre juridiske forhold: I tilfelle kor tilgjengeleggjering av dataa strir med andre juridiske bestemmelsar, bør datasetta ikkje gjerast ope tilgjengeleg.
  • Kommersielle forhold: Data som har kommersiell verdi og/ eller er generert i prosjekt med ei bedrift, kan verta unnateke frå det generelle prinsippet om open tilgang. I desse tilfella er rådet at dataa vert  gjort tilgjengeleg etter ein periode, forslagsvis etter 3 eller 5 år.
  • Andre forhold: I tilfelle kor tilgjengeleggjering av data får store økonomiske eller praktiske konsekvensar for dei som har generert/samla inn dataa, kan datasetta verta teken unna frå det generelle prinsippet om open tilgang dersom det vert argumentert tilfredsstillande for dette. Dette kan for eksempel gjelda enkelte kvalitative forskingsdata.

Kontakt Universitetsbiblioteket or spørsmål og rådgjeving om tilgjengeleggjering (deling) av forskingsdata. 

Published 26. januar 2021 - 9:57 - Updated 29. April 2021 - 9:44