Innsamling og lagring av forskingsdata i pågåande prosjekt

Kva er forskingsdata?

Med forskingsdata meiner ein registering/ nedteikningar/ rapporteringar i form av tal, tekster, bilder og lydar som vert generert eller oppstår undervegs i forskingsprosjekt. 

Persondata er innsamla forskingsdata som inneheld personopplysingar. Personopplysninger er alle opplysingar og vurderinger som kan knyttes til deg som enkeltperson. Vi skiller mellom ikke-sensitive og sensitive personopplysingar. Les meir om persondata her.

Kven eig forskingsdata?

NMBU eig forskningsdata som er frambrakt av tilsette ved NMBU. 

Studentar eig sine eigne forskingsdata. Dersom ein student er involvert i et forskningsprosjekt kan det vera behov for å regulere eierskap til resultater, forskingsdata og konfidensialitet. Ved overføring av eigarskap av data frå student til rettleiar bør ein inngå ein eigen avtale om dette

Klassifisering av forskingsdata

Alle forskingsdata vert klassifisert som GRØN, GUL, RAUD eller SVART. Studentar og forskarar er ansvarlege for at forskingsdata vert behandla i samsvar med krava for dei ulike klassane. 

  • Open eller fritt tilgjengeleg - GRØN: Forskingsdata om dyr, plantar, bakteriar m.m
  • Begrensa - GUL: Anonymiserte forskingsdata, upubliserte forskningsdata, data med ikke-sensitive personopplysingar
  • Fortruleg - RAUD: Forskingsdata med særskilte kategoriar eller sensitive personopplysingar og helseopplysingar
  • Strengt fortruleg - SVART: Store mengder sensitive personopplysingar eller helseopplysingar og forskingsdata/ datasett av stor økonomisk verdi

Les meir her om klassifisering av forskingsdata.

Les meir her om koss du anonymiserer eit datamateriale.

Innsamling og lagring av persondata

Forskingsdata som inneheld personopplysningar (persondata) eller som kjem innanfor Helseforskingslova, Bioteknologilova, Helseregisterlova eller Personopplysingslova (GDPR), vert sett på som sensitive data og kravet er særskilt handtering. Lovverket krev at slike data vert handtert og lagra på ein sikker og forsvarleg måte. 

Les meir om handtering av persondata og personvern i forskinga her.

Innsamling og lagring av forskingsdata

For tilsette gjeld følgjande:

Forskingsdata (GRØN og GUL) som vert generert i pågaende prosjekt skal som hovudregel lagrast på NMBU sin LargeFile (W:). Enkelte fagområde har eigne servarar for lagring av forskingsdata, nasjonalt eller internasjonalt, og kan lagra data der. Forskingsdata som tilhøyrer ein publikasjon eller eit avslutta forskingsprosjekt skal arkiverast. Les meir om arkivering av forskingsdata her.

For studentar gjeld følgjande

Studentar eig sine eigne forskingsdata og kan lagra desse på eiga heimeområde via HomeOffice. Dersom data masterstudenten generer er ein del av eit større forskingsprosjekt og/ eller vegleiar ønskjer å ta vare på desse dataa kan studenten få tilgang til LargeFile (W:) (kontakt IT-avdelinga). 

Om bruk av privat PC, mobiltelefon eller annan digital einheit

Det er begrensingar i bruk av privateigd datamaskin, mobil eller andre digitale einheiter ved innsamling og lagring av forskingsdata. 

Lagring og beregning av store datamengder

Forskarar som har behov for å lagra store mengder forskingsdata, typisk terrabyte (TB) størrelsar, treng egne områder for lagring:

Back-up av forskingsdata

IT-avdelingen sørger for at data sikkerhetskopierast til riktig tid. Hensikten er å kunne få tilbake data som har blitt sletta eller tapt på andre måter. På grunn av personvernhensyn og norsk lovgjeving er det vurdert at NMBU ikkje kan behalde sikkerhetskopier av slettede filer i meir enn 90 dagar etter at brukerkonto er blitt inaktiv. Så lenge brukerkonto er aktiv gjeld andre tidsfristar. Les meir informasjon om back-up på denne siden.

Deling av forskingsdata med eksterne samarbeidspartnarar

NMBU har Office365/ OneDrive eller Teams som verktøy for samhandling knytta til dokument og forskingsdata. Office365 må berre nyttast som eit samhandlingrom, og IKKJE som ein primærlagringsstad for forskingsdata (rådata). Det er høve til å henta ut ein kopi av rådataa frå servaren LargeFile W: for vidare bearbeiding og analyse i Office365. Eksterne samarbeidspartnarar kan få tilgang til dette verktøyet via pålogging. Les meir her eller kontakt IT-avdelinga for meir informasjon.

Eksempel på godkjente nasjonale lagringsplattformer

National e-Infrastructure for Research Data (NIRD): For lagring og arkivering av store datasett. Vert drifta av UNINETT/ Sigma2. 

Tenester for Sensitive Data (TSD): For lagring av forskingsdata med personopplysingar eller annan type sensitiv informasjon (raude og sorte data). Vert drifta av UiO. 

Published 27. september 2018 - 15:19 - Updated 16. February 2021 - 9:50