Genetiske brytarar regulerar embryoutviklinga - Håvard Aanes, 30. april

I doktorgradsarbeidet sitt har Håvard Aanes arbeidd med å betre forstå reguleringa av den tidlege utviklinga av nye individ. Han har funne ut kva genar som blir skrudd på og av i visse fasar av embryoutviklinga, pluss identifisert tusenvis av genprodukt rett etter befruktninga.

Genetiske brytarar regulerar embryoutviklinga - Håvard Aanes, 30. april

M.Sc. Håvard Aanes disputerer den 30. april 2014 for graden ph.d. ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) med avhandlinga «Transcriptome profiling of zebrafish embryos during zygotic genome activation».

Som modellorganisme brukte Aanes sebrafisk, ein art med aukande popularitet innan moderne biomedisinsk forsking. Sebrafisken deler 70 prosent av genane sine med mennesket og fungerer derfor godt som modell for menneskeleg fysiologi og sjukdom. Gjennom ny teknologi kalla RNA-sekvensering, har sebrafisk-gruppa ved NMBU funne ut kva genar som blir skrudd på og av i bestemte fasar av embryoutviklinga og i detalj identifisert tusenvis av genprodukt som blir omsett til proteinar rett etter befruktinga.

Gjennom å nytte nye, avanserte dataanalyser har Aanes òg klart å identifisere at dei fleste genane produserer meir enn eit proteinprodukt. Dette gjer at eitt gen kan løyse fleire oppgåver og ulike produkt frå det same genet kan være verksame på ulike tidspunkt av embryoutviklinga. Dette har auka forståinga av korleis ein vaksen fisk med fleire hundre celletypar og ulike vev og organar kan bli danna frå ei enkelt celle, zygoten.

Aanes har også utvikla eit nytt matematisk verktøy for korrekt å kunne tolke dei store datamengdene ein får gjennom RNA-sekvensering. Metoden er nødvendig når mange genar blir skrudd på eller av samtidig, noko som er tilfelle rett etter befruktinga.

Funna i denne doktorgraden har gitt auka forståing for korleis utviklinga av nye individ er regulert i sebrafisk og sannsynlegvis i andre artar, inkludert menneske. Kunnskapen er også nyttig for betre å skjønne mekanismane bak kreftutvikling og regenerativ medisin.

Published 22. April 2014 - 14:21 - Updated 23. mai 2017 - 19:30