Muleg avlsprogram for mjølkegeit i Tanzania

Mjølkegeiter kan gi betre levekår for bønder i Tanzania. Det må satsast på avl av geiter som tåler klimaet, som mjølkar meir og har god fruktbarhet.

Muleg avlsprogram for mjølkegeit i Tanzania

Zabron Cuthibert Nziku disputerer 24. juni 2016 for graden ph.d. ved NMBU – Norges miljø- og biovitenskapelige universitet med avhandlinga «Essentials for Sustainable Dairy Goat Breeding Program in Tanzania».

Norske og andre importerte mjølkegeiter er populære blant bønder i Tanzania. Men dei tåler ikkje så godt det lokale miljøet. Mjølkegeiter kan vera eit viktig bidrag til auka inntekter og livsgrunnlag for småbønder i Tanzania. Målet med Zabron Cuthibert Nziku si doktoravhandling var derfor å utvikla nødvendige byggesteinar for å laga eit bærekraftig avlsprogram for mjølkegeit i Tanzania. Metodane han nytta var feltstudiar, ein simuleringsstudie og utprøving i felt.

Gjennom arbeidet viste han at geitmjølksproduksjon kan gje ei meir stabil  inntekt enn andre former for produksjon under ulike framtidige klimascenariar. For optimering av mjølkeproduksjon bør ein bruka meir kraftfôr og ta avlsprinsipp i bruk. Spurte bønder ville gjerne ha geiter som mjølka mykje og hadde god fruktbarhet. Gjødsel frå geitene var også eit viktig biprodukt til hagebruk. Den kan seljast og gje inntekter. Men sjølv om ønsket var gode mjølkegeiter som fekk fleire avkom, mangla bøndene kunnskap om utval av avlsdyr, husdyrkontroll og individmerking.

Testing av potensielle avlsbukkar
Utrekningar viste at det kan være nok å testa mellom 20 og 30 bukkar per år for å få til eit avlsprogram som har akseptabel sikkerhet for utrekning av avlsverdiar. I avhandlinga anbefaler Nziku at det blir testa 30 bukkar per år i Mgeta-området. Eit skjema som illustrerer korleis eit avlsprogram med avkomgransking av testbukkar i Mgeta kan gjerast, er tatt med.

Tanzania har potensiale til å utvikla geitmjølksproduksjonen vidare. Landet har ein god landbrukspolitikk, det finst forskingsinstitusjonar, private investorar er villige til å delta, fôrresursar finst, og mange bønder eig alt nå mjølkegeiter. Likevel er det faktorar som bremser framgangen: støtta frå regjeringa er ikkje god nok, bøndene har lite skulegang, det er mangel på klare avlsmål, og avlstiltak varer ikkje over tid.

Import av bukkesæd frå Europa
Men løysingar finst. I Europa finst det gode avlsprogram for husdyr, og genetisk materiale av god kvalitet kan seljast til Tanzania om importløyve blir gitt. Eit av Nzikus forslag for kortsiktig løysing er difor import av sæd til bruk i elitebuskap for mjølkegeit i Tanzania. Frå ein slik buskap kan så geite- og bukkekje seljast vidare til andre bønder for å få betre gen inn i besetningane. Mjølkegeiter blir alt omsett i Tanzania, og slike private initiativ bør oppmuntrast. Føresetnaden for slik utvikling er at importreglane for genetisk materiale ikkje blir endra og at bøndene er villege til å betala for gode avlsdyr.

Avhandlinga foreslår at små mjølkeprodusentar i Tanzania samarbeider om å få på plass et avlsprogram for mjølkegeiter i framtida. For å lukkast med dette må mjølkemengde- og individinformasjon hentast frå gardane. Klare avlsmål med fokus på få eigenskaper, for eksempel mjølkemengde og overleving blir anbefalt. Fordi tilgjengeleg kunnskap og kva som er praktisk mulig å gjennomføra endrar seg over tid, er det nødvendig å revidera avlsprogram frå tid til anna.

Annonsering av disputasen

Published 20. juni 2016 - 10:34 - Updated 28. juni 2018 - 9:32