Matrikulær utvikling i Norge

Det matrikulære systemet skal sikre eigedomsrettar og ein godt fungerande eigedomsmarknad, og vere eit grunnlag for forvaltning og styring. Ei doktoravhandling har medverka til å forstå korleis det norske systemet har utvikla seg, særleg det som gjeld oppmåling og kartlegging.

Matrikulær utvikling i Norge

Leiv Bjarte Mjøs disputerer 14. og 15. april 2016 for graden Dr.philos ved NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet med avhandlinga «Cadastral development in Norway».

I Norge er landarealet delt inn i fast eigedom. Dei faste eigedomane fyller i Norge viktige funksjoner som grunnlag for næringsverksemd og bustad, samt sikkerhet for kreditt. For svært mange nordmenn er fast eigedom deira viktigaste formue. Sidan 1600-talet har det i Norge utvikla seg eit registersystem som skal gje informasjon om eigedomsrettar, samt utstrekning og innhald av dei faste eigedomane. Dette registersystemet har sitt utspring i det tyske grunnbokssystemet og vert kalla det matrikulære systemet. Dei viktigaste elementa er Grunnboka og Matrikkelen.

I doktoravhandlinga si undersøkjer Leiv Bjarte Mjøs korleis det norske matrikulære systemet har utvikla seg historisk. I arbeidet inngår ei komparativ analyse av denne utviklinga sett i forhold til andre land sine system av denne type. Hovudsakleg gjeld det system som har utvikla seg i Nord- og Sentral-Europa, samt i nokre tidlegare engelske koloniar.

Andre europeiske land tidlegare ute med profesjonell landmålarpraksis
Avhandlinga er særleg retta mot oppmåling og kartlegging av eigedomsgrenser, kor den matrikulære utviklinga og dagens norske system er sett i kontrast til internasjonal «best practice» for å kunne identifisere forbetringspunkt i vårt system.

I landa i Nord- og Sentral-Europa vart det gjennomført økonomisk kartlegging og eigedomskartlegging utover 1800-talet i tillegg til utvikling av landmålarprofesjonar for vedlikehald av dette kartverket. Men ei slik utvikling fekk vi ikkje i Norge. Her i landet starta den økonomiske kartlegginga først opp rundt 1960. På landsbygda vart eigedomsdelingar utført av lekmenn heilt fram til 1980, og dette blei gjort utan nøyaktig oppmåling og kartlegging.

Då oppmålingsplikt for heile landet blei innført i 1980, vart denne oppgåva lagt til kommunane, men utan oppbygging av eit korps av profesjonelle landmålarar. Det blei heller ikkje sett spesifikke kompetansekrav til dei som skulle utføre arbeidet. Og eigedomskartet som blei utvikla er mangelfullt.

Dårleg kvalitet på oppmåling og kartlegging kan utløyse eigedomstvistar
I motsetning til andre land med denne type matrikulært system, er det ikkje registreringsplikt (tinglysingsplikt) i Norge, og grunneigarane kan lovleg avtale andre grenser enn dei grensene som vert målt opp. Manglande kvalitet og konsistens i oppmåling og eigedomskartlegging kan føre til usikkerhet og eigedomstvistar. Ved gjennomføring av planer kan det oppstå problem fordi det ikkje er ei fullgod oversikt over dei faste eigedomane. Det vil også vere problematisk å innføre nettbaserte system for søknader om bygging og andre arealtiltak i Norge.

Avhandlinga drøfter og foreslår tiltak for å forbetre situasjonen, som til dømes profesjonalisering av fagfeltet og styrking av utdanning og forsking. For at eigedomskartet på sikt skal bli korrekt, bør det innførast oppmålingsplikt ved omsetjing av eigedom som ikkje frå før er tilfredsstillande oppmålt og kartlagt. Grunneigarane bør i tillegg få plikt til å registrere grenseendringar.

Avhandlinga er eit bidrag til å forstå det norske matrikulære systemet og då særleg oppmåling og kartlegging. Temaet er aktualisert etter at Stortinget 3. mars 2016 vedtok å be Regjeringa greie ut om systemet for eigedomsoppmåling.

Annonsering av disputasen

Published 8. April 2016 - 10:35 - Updated 23. mai 2017 - 19:14