Er din framtidige lege ei datamaskin?

I framtida kan kreftdiagnostikk bli mindre tidkrevjande ved hjelp av dataprogram som både teiknar inn svulsten, målrettar behandlinga og viser kor mottakeleg den er for behandling.

Er din framtidige lege ei datamaskin?

Turid Katrine Gjerstad Torheim disputerer 7. april 2016 for graden ph.d. ved NMBU – Noregs miljø- og biovitskaplege universitet med avhandlinga «Multivariate Analysis of Medical Images in Cancer Treatment Planning and Evaluation».

Multiparametrisk avbilding er no vanleg når behandlinga av ein kreftpasient skal planleggast. Mange ulike bilete blir teke, til dømes i MR- og PET-skannarar. Nokre bilete gjev god kontrast i mjukvev, andre gjev informasjon om funksjonen til vevet i tillegg til anatomien, til dømes korleis blodforsyninga og stoffomsetninga fungerer. Slik blir det svært mange bilete for kvar pasient, og kreftlegane må sjå gjennom alle desse bileta for å bestemme kvar svulsten ligg, kor alvorleg den er og kva for behandling denne pasienten bør få. Arbeidet er både tidkrevjande og vanskeleg.

Målet med Turid Gjerstad Torheim si doktoravhandling var å undersøkje korleis nokre av desse oppgåvene kan automatiserast ved ein kombinasjon av biletanalyse og mønstergjenkjenning.

I prosjektet, som er eit samarbeid med Oslo universitetssjukehus, blei MR-bilete av kring 80 pasientar med livmorhalskreft analyserte. Ved hjelp av svulstinnteikningane til erfarne kreftlegar, blei eit dataprogram trena opp til sjølv å finne svulstane i bileta. Dersom det viser seg at slike dataprogram også fungerer like godt på nye pasientar, kan dei bli eit svært nyttig hjelpemiddel for kreftlegane ved sjukehusa.

Strukturen til svulsten avgjer kor godt behandlinga verkar
Torheims avhandling viser at strukturen til svulsten i bileta, til dømes om den er jamn over det heile eller har eit kaotisk indre, påverkar kor godt behandlinga fungerer. Ved å identifisere dei pasientane som ikkje vil respondere på standardbehandlinga, er det mogleg å velje ein annan behandlingsmetode for desse pasientane.

Stråleterapi kan målrettast slik at enkelte område i svulsten får høgare stråledose enn resten av den, og studien viser korleis biletanalyse kan brukast til å finne dei områda som krev større stråledosar enn resten av svulsten. Torheim har i tillegg undersøkt  om avbilding kort tid etter behandlinga kan gi ein tidleg indikasjon på behandlingsutfall.

Annonsering av disputasen

Published 31. mars 2016 - 10:59 - Updated 23. mai 2017 - 19:14