Friske geiter mjølkar meir

Prosjektet «Friskare Geiter» er evaluert og viser at det er mogleg å kvitte seg med tre alvorlege smittsame sjukdommar hos mjølkegeit. Mjølkeproduksjonen stig i fråvær av sjukdom og bonden kan auke innteninga si.

Friske geiter mjølkar meir

Gunvor Elise Nagel-Alne disputerer 17. juni 2015 for graden ph.d. ved NMBU Veterinærhøgskolen med avhandlinga «Healthier Goats disease eradication programme – a healthy initiative».

Fridom frå sjukdom påverkar mjølkeproduksjonen i positive lei, og ei geit kan produsere mellom 20 og 30% meir mjølk når ho er fri for kronisk sjukdom. Ei doktoravhandling skriven av Gunvor Elise Nagel-Alne, viser at smittesaneringsprogrammet «Friskare Geiter» har vore eit nyttig initiativ for å betre helsa og auke mjølkeytinga hos geita og dermed også moglegheitene for å auke innteninga til bonden.

Friske geiter

Friske geiter

Foto
Dag Lindheim

«Friskare Geiter» prosjektet
I 2002 starta prosjektet «Friskare Geiter» opp som eit samarbeid mellom ulike aktørar frå primærnæringa, vitskapsinstitusjonane og forvaltinga. Prosjektet vart avslutta i desember 2014.

Alle norske geitemjølkbesetningar er no sanert for tre kroniske, smittsame sjukdommar gjennom dette prosjektet. Desse tre sjukdommane er caprin artritt-encefalitt (CAE), byllesjuke og paratuberkulose. Alle tre er infeksjonar som det så å seie ikkje er mogleg å behandle, og når geita er smitta, er ho det livet ut.

I prosjekt «Friskare Geiter» er det gjennomført grunnleggjande sanering av husdyrbygg og tilliggjande beiteomåde og smitta besetningar er erstatta med friske dyr. Svært få besetningar har blitt smitta på nytt.

Viktig å halde geitene friske
For å sikre at smitte ikkje får etablere seg på nytt i dei sanerte geiteflokkane, er det viktig å ha gode diagnostiske testar som på eit tidleg tidspunkt kan fange opp nye tilfelle av smitte hos geitene.

I doktorgradsprosjektet til Nagel-Alne er det gjort ei vurdering av to testar som kan påvise antistoff mot CAE og byllesjuke i tankmjølk,  og desse er funne gode nok til å brukast som første test i overvaking av CAE og byllesjuke.

Effekt av «Friskare Geiter» prosjektet
Formålet med dette doktorgradsprosjektet var mellom anna å evaluere effekten av «Friskare Geiter» på mjølkeytinga til geita, og i tillegg sjå på kva bonden kunne forvente å tene på å delta i prosjektet.

Gjennom inngåande studiar av mellom anna endringar i mengde produsert mjølk, kostnader ved bygging av nye fjøs og kostnader ved testing for sjukdommane, har det vore mogleg å rekne på kva geitebøndene kan forvente å få igjen for innsatsen. Resultat frå doktorgradsprosjektet viser at ei investering i «Friskare Geiter» prosjektet i gjennomsnitt gir positivt avkastning for bonden over ein 10-årsperiode.

 

 

 

Published 8. juni 2015 - 12:56 - Updated 23. mai 2017 - 19:21