Luftforureiningar i aluminiumindustrien

I aluminiumproduksjonen har arbeidstakarar lenge vore utsett for uønskt eksponering for luftforureiningar frå elektrolyseprosessen. Ei doktoravhandling synleggjer samansetninga av desse forureiningane, storleiksfordeling og kvar i luftvegane dei kan avsetjast.  

Luftforureiningar i aluminiumindustrien

Nils Petter Skaugset disputerer 9. juni 2015 for graden ph.d. ved NMBU – Norges miljø- og biovitenskapelige universitet med avhandliga "Sampling, measurement and characterisation of workroom air contaminants in Al smelters".

Nils Petter Skaugset har i doktorgradsarbeidet sitt kartlagt og karakterisert dei partikulære forureiningane med omsyn på partikulær masse og massefordeling av fluorid i dei ulike helserelaterte fraksjonane. For å kunne redusere den totale eksponeringa må ein ha kunnskap om variasjonen i eksponering som funksjon av tid, samt identifisere arbeidsoppgåver der eksponeringa er høg. Det var derfor viktig å ta i bruk direktevisande instrumentering synkronisert med videofilming av arbeidstakar for å avdekke eventuell samvariasjon mellom partikulære forureiningar og gassen hydrogenfluorid (HF).

Formålet med arbeidet har vore å bruke moderne personlege prøvetakarar til å karakterisere eksponeringa for partikulære forureiningar i arbeidslufta og finne samanhengar mellom moderne prøvetakingsutstyr og tradisjonelle målemetodar. Kvar i luftvegane desse forureiningane kan avsetjast og kor vassløyseleg dei er, er viktig informasjon for risikovurderingar. Skaugset har også undersøkt graden av eksponering for beryllium i denne industrien. Beryllium kan gje skader på lunger og hud.

Prøvetaking med tradisjonelle prøvetakingsutstyr i aluminiumindustrien vil seie prøvetaking av den delen av luftforureiningane som kan tenkjast å passere strupehovudet, den torakale fraksjonen. Dette er forureiningar som kan avsetjast i dei nedre delane av luftvegane.

Om lag 70% av den massen som kan pustast inn gjennom nase og munn kjem ikkje så langt, men har ein storleik som gjer at dei blir avsett i dei øvre luftvegane.

Dei direktevisane målingane viser stor variasjon i eksponeringa avhengig av kva arbeidsoppgåver som blir utført. Det var klare forskjellar mellom eksponeringskjelder avhengig av kva type elektrolyseteknologi som var brukt; Prebake eller Søderberg.

Arbeidet gjev ei større forståing av samansetninga av luftforureiningane som arbeidstakarar i denne typen industri blir utsett for, storleiksfordeling og dermed kvar i luftvegane forureininga kan avsetjast.  

Published 4. juni 2015 - 14:14 - Updated 23. mai 2017 - 19:21