Doktorgrad - Selamawit Tekle Gobena - Mykotoksin i havre

Aksfusariose eller åkermugg er ein soppsjukdomsom har skapt mykje uro i norsk og internasjonal matkornproduksjon dei siste åra. Mykotoksina (soppgifter)som desse muggsoppane produserer, kan nemleg vera skadelege for menneske og dyr.

Korleis ein kan unngå infeksjon er lite undersøkt i havre, til skilnad frå dei andre kornartane. I doktorgradsarbeidet (PhD) sitt har Selamawit Tekle Gobena granska nettopp dette.

Tittelen på avhandlinga er: ”Verknader av Fusarium-infeksjon på innhald av deoxynivalenol og spireevne i havre, og screening for resistens ved hjelp av VIS-NIR-spektroskopiske metodar”

Tittelen på engelsk: "Fusarium infection and its effects on germination and deoxynivalenol content of oats and screening for resistance by VIS-NIR spectroscopic methods"

Emne for prøveforelesing: "Potential use of genomics in cereal breeding for improving mycotoxin resistance"

Tid og stad: Fredag 17. oktober i Auditorium på SKP, Senter for klimaregulert planteforskning

Aukande problem 

Dei siste 10-15 åra har det vore eit aukande åtak av Fusarium-soppar i norsk kornproduksjon. Årsaka til dette meiner ein er omlegging til meir miljøvennleg drift med mindre pløying, varmare og våtare somrar og ein ny soppart (Fusarium graminearum) som er kommen hit til landet.Resultatet er ein auke i soppgifter hos alle kornartane og nedsett spireevne i såkorn av havre.

I doktorgradsarbeidet har S. T. Gobena kartlagt korleis infeksjonen skjer og kva for metode som er best å bruka for å måla resistens i ymse havresortar. Det har femna om utprøving av spektroskopiske metodar, for å testa om dei kan gjera same nytten som kjemiske målemetodar.

Resistente sortar

Resistente sortar er det beste og billigaste tiltaket for å unngå soppgifter, fortel doktoranden.

Prosjektet viser at Graminor har avla fram nye havresortar som avgjort er meir resistente enn eldre sortar.

Men bruken av kjemiske analysar i sortsforedlinga for å påvisa innhald av soppgifter er svært dyr.

Fusarium i havre

Her har doktoranden utvikla ein billig og effektiv metode basert på spektroskopi til bruk i avlsarbeidet frametter.

Metoden har vist at korna er infiserte i svært ulik grad, noko som ein i framtida trur vil gjera det mogleg med ei fysisk utsortering av sterkt infiserte korn.

Resultata frå denne forskinga vil få mykje å seia for både den nasjonale og internasjonale sortsforedlinga. 

Selamawit Tekle Gobena (30) er frå Etiopia og har bachelor (BSc) frå Hawassa University og master (MSc) frå  Institutt for plante- og miljøvitskap på NMBU i 2009. Ho tok til som doktorgradsstipendiat i 2010 med støtte frå Noregs Forskingsråd og i  prosjektsamarbeid med Bioforsk og Graminor AS.

Hovudrettleiar: professor Åsmund Bjørnstad (NMBU)

Medrettleiarar: Dr. Vegard Segtnan (Nofima) og dr. Helge Skinnes (NMBU)

Bedømmelseskomité: Prof. Hilde-Gunn O Hoen-Sorteberg (NMBU,) Dr. Catherine Howarth (Aberystwyth University) og Dr. Ellen F. Mosleth (Nofima)

 Avhandlingen ligger til offentlig gjennomsyn på Universitetsbiblioteket, Tårnbygningen

 2014:78 ISSN 1894-6402 ISBN 978-82-575-1238-5

Fakta

Enkeltkorn med symtom på FusariumEnkeltkorn med symtom på Fusarium. Foto: S. T. Gobena

Publisert - Oppdatert

Del på