72 millionar åt flåttforsking

Interreg-finansiert forskingsprosjekt skal forska meir på behandling og vaksiner mot flåttborne sjukdommar. Flåtten vert rekna som den verste smittespreiaren blant blodsugarane i Nord-Europa.

Foto
Erik Karits / Shutterstock
Med eit budsjett på 8,7 millionar euro, 72 millionar kroner, er ScandTick Innovation det største prosjektet om flått og flåttborne sjukdommar i Skandinavia.

Prosjektet fikk i sommar 4,4 millionar euro i Interreg-støtte, og drygt éin million euro kjem via dei norske Interreg-midla. Dei deltakande partnarane frå Noreg, Sverige og Danmark bidrar med eit like stort beløp som medfinansiering. Interreg Øresund-Kattegat-Skagerrak-prosjektet blir leia av Sørlandet sjukehus og Länssykehuset Ryhov i Jönköping i Sverige. Resten av partnarane i samarbeidsprosjektet er Folkehelseinstituttet, Universitetet i Agder og Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU), og dessutan seks andre partnarar i Danmark og Sverige. ScandTick Innovation hadde oppstart i september.

- Det skal forskast meir på flåttmikrobar som Cand Neoehrlichia, Anaplasma, Rickettsia, Bartonella og Babesia. Vi inkluderer òg det veterinærmedisinske fagområdet, med fokus på flåttborne infeksjonar som er viktige for dyrehelsa, seier Snorre Stuen, som er professor ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet, til Interreg.no. Les heile saka her.

Published 26. oktober 2015 - 14:44 - Updated 12. juli 2021 - 11:24