Millionstøtte til NMBU-forsking

Professor Harsha Ratnaweera ved NMBUs Institutt for matematiske realfag og teknologi (IMT) leiar eit stort internasjonalt prosjekt om vassressursforvalting og vass- og avløpsreinsing.

Dette prosjektet har no fått innvilga 1,33 millionar euro i støtte over tri år, eller bortimot 12 millionar kroner, frå årets søknadsrunde for Erasmus+ kapasitetsbygging. Nær på 30 prosent av dette er lønnsmiddel for alle partnarane.

I det NMBU-leia prosjektet deltek ti universitet frå seks land: Tyskland, Polen, Noreg, Kina, Sri Lanka og Ukraina.

– Partnealanda Ukraina, Sri Lanka og Kina er nok dei som kjem til å tena aller mest på samarbeidet. Dei får eit unikt innsyn i dei europeiske utdanningsmetodane våre. Men eg er heilt sikker på at læring kjem til å gå fleire vegar. Dei tri europeiske partnarar kan læra av kvarandre, og vi kan ha positive ting å ta med frå partnarane i sør, også, seier Ratnaweera til Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

Prosjektet går ut på å gå kritisk gjennom læreplanar, pensum og metodikk ved alle ti deltakande lærestedane innan faget vassressursforvalting og vass- og avløpsreinsing. Håpet er at partnarane skal komma til semje om kva svakheiter som finst, og at dei derfrå skal klara å utarbeida ein beste praksis.

Erasmus+ kapasitetsbygging er prosjekt mellom land som deltar i Erasmus+ og partnarland utanfor, og har som målsetjing å heva kvaliteten på høgare utdanning i partnarlanda utanfor Erasmus+ samarbeidd.

Harsha Ratnaweera. Forskingsleiar.

Foto
NIVA

Published 25. august 2015 - 13:34 - Updated 22. september 2022 - 12:38